Blodbad av Blostrupmoen
Joakim Blostrupmoen blei toppskårar då Os knuste Viking 2 med 14 mål.
Os har starta sesongen med kamp mot to av laga dei har venta mest motstand av - og vunne med 10 og 14 mål.
– I dag brukte vi litt lang tid på å finna rett forsvarskonstellasjon, men då forsvaret sat så gjekk resten på skjener, seier trenar Leif Idar Røen.
Gjestane Viking 2 leia eller låg likt med Os fram til 11 minutt var gått. Så drog Os kraftig ifrå.
Os - Viking 2 35-21 (20-10)
Målskårarar, Os: Joakim Blostrupmoen 7, Espen Risti 7, Isak Røen 5, Trygve Dahl 4, Torbjørn Hjelle 3, Jørgen Wold 3, Ove Lyssand 2, Steinar Gaasdal 2 og Joachim Nøkleby 2.
Trass i strålande vêr var det bra med publikum, 77 betalande såg herrekampen i dag.
– Vi har mykje å spela på, det er bra breidde i laget og i typane vi har på banen, seier Røen.
Også i mål var det tett, Einar Godø sto nok ein god kamp og hadde ein serie gode redningar. Veteran Hans Brunvatne fekk også vakta buret, og hadde blant anna ein strafferedning.
Trygve Dahl skåra Os sitt første mål og 20-10-målet før pause. I tillegg sette han to, blant anna på straffe.
7 mål kvar
Joakim Blostrupmoen, som er farleg både åleine frå ving, på kontring og på tampen av fleire av dei avtalte angrepsmønstra, blei toppskårar saman med Espen Risti.
Isak Røen skåra 5 mål, det siste etter at han fekk ballen på eigen banehalvdel 4 sekund før slutt, storma fram og sendte ballen i nota eit halvt sekund før klokka gjekk.
Opp og ned i 2. omgang
Os starta bra etter pause og drog ifrå til 23-10 og 24-11.
Men det kan vera vanskeleg å halda trøkket og konsentrasjonen oppe når du leiar med over 10 mål, og Viking 2 kom seg frå 24-11 til 26-17.
Heimelaget var likevel sterkast også i 2. omgang, som dei isolert sett vann 15-11.
Heimekamp neste søndag òg
Også neste kamp går på heimebane, søndag om ei veke (kl 15) mot BSI.
BSI tapte første kamp for Kjøkkelvik, men vann 41-18 over Førde i andre runde.