Blomsterbutikken flyttar til større lokale
30 år gamle Os Blomsterservice blir dobbelt så stor.


I helga blei det tydeleg at Asiatisk Mat Osøyro legg ned butikken sin på gateplan i rådhuset.
Før helga teikna Os Blomsterservice leigekontrakt på same lokale.
– Vi trivst godt på torget, men vi treng større plass, seier innehavar Marianne Holmefjord.
Butikken aukar frå rett over 70 kvadratmeter til 154 i storleik etter flytting.
10 år på same stad
Dette blir tredje gong butikken flyttar. Det heile starta med mor og dotter i Handlegården, i det som var ein tunell frå Brugata til Oselvo, under der Nav har kontor i dag.
– Der var vi lengst, men brått skulle det lagast parkeringshus i etasjen, fortel Marianne.
Det blei flytting til Buggegården, der det seinare blei Engeline Kafé, men kjøp av butikken som dreiv på torget førte til flytting.
Flyttar før jul
Holmefjord overtar lokalet 1. oktober. Ho har leigekontrakt ut november der ho er i dag.
– Vi har ikkje sett opningsdato enno, men det blir ein gong i dette tidsrommet.
– Vi trivst godt mellom planter og fontener på torget. Hadde lokalet vore større, og litt meir moderne, så hadde eg ikkje sett etter nytt lokale.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker
Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Moglegheit for fleire brukarar
Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.