Kultur | 06. nov. 2012

Blood Command på Utflukt

Os Rock City er del av UTFLUKT, den til no største satsinga i Noreg på konsertar med fri aldersgrense. – Å få eit band som er A-lista på P3 til å spela for ungdomen i Os er heilt fantastisk.

Blood Command på Utflukt
Blood Command. (Foto: Eline Berg)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 06. nov. 2012 09:57

Eit samarbeid mellom BRAK, artistmanagementet MADE og lokale kulturkontor i Hordaland har skapt UTFLUKT, 10 etablerte band og artistar, på 10 turnear med til saman 100 konertar med fri aldersgrense (alkoholfrie konsertar).

– Mange vil vel seia at det er obligatorisk at Os skulle vera ein av desse kommunane, seier leiar for Os Rockeklubb og tilsett ved kultureininga i Os kommune, Kjetil Osablod Grønvigh.

– Men ingenting er sjølvsagt, vi skal vera glade for at vi fekk dette til, at vi blei del av UTFLUKT og at vi laurdag 8. desember kan ta imot Blood Command i rockeklubben sine lokale på Kuventræ.

Prosjektet skal vera oppbyggande for nærmiljøa i form av å inspirera unge til å utfalde seg musikalsk, driva publikumsutvikling og utvikla god konsertkultur og å tilføra kunnskap og inspirera til lokalt engasjement.

Med fartstid i Os

Blood Command er ein punktrio frå Bergen etablert i 2008. I starten hadde Yngve Andersen (gitar, bass, keyboard, ekstravokal), Silje Tombre (vokal) og Sigurd Haakaas (trommer, perkusjon) med seg Os-bandet Manheads då dei spelte LIVE.

Blant anna då i 2010 var blant 10 Urørt-finalistar.

Les òg: Til Urørt-finale

No har Blood Command eigne musikarar med seg på konsertar; Simon Oliver Økland (bass, ekstravokal) og Sjalg Otto Unnison Hansen (gitar, ekstravokal).

Blood Command har, som fleire band på veg opp og fram, spelt på Søfteland Rock N LOL (2009 og 2010).

– Sjeldan sjanse

– Blood Command var nominert til Spellemann for beste rockeplate i 2011, dei har hausta strålande kritikk og er A-lista på P3.

Dette er ein sjanse for bandet å visa seg fram til eit publikum dei elles ikkje når ut til - og ein sjanse for publikum under 18 år å oppleva band av eit kaliber dei elles sjeldan har tilgang til. (Bortsett frå under Søfteland Rock N LOL, som har eige konsertområde for dei under 18 år).

– Eit lokalt band blir plukka ut til å varma opp for Blood Command, og sidan konserten er i desember blir dette "Ungdomens Julerock" i år.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.