Lokal | 18. aug. 2020

Bodyrafting i Oselvo

I dag vart det ein annleis kroppsøvingstime for tiandeklassingane ved Os ungdomsskule. Sjå video!

Ørjan Håland
Ørjan Hålandtirsdag 18. aug. 2020 12:23

Trass i at Oselvo liknar meir på ein bekk enn ei elv i desse dagar, vart det allikavel bodyrafting på tiandeklassingane ved Os ungdomsskule i dag.

– Med desse temperaturene som er i både vatn og på land, må vi berre utnytta situasjonen, seier lærar Gry B. Skarstein.

Felix Lund, som er elev ved Os ungdomsskule, tenkjer positivt om dagens aktivitet.

– Dette var ein gøy start på skuleåret, seier Felix, som slapp unna utan blåmerke på rumpa.

Testa grenser

På spørsmål om kvifor nettopp rafting var på agendaen, er tidlegare 71 grader nord-vinnaren klar i sin tale.

– Det er alltid kjekt å få gjera noko annleis i kroppsøving, i tillegg så er det viktig å testa litt grenser, og ikkje minst å ha det kjekt, seier Skarstein.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.