Lokal | 04. juli 2018

BOF har rusta opp Søvikvågen

Søvikvågen er endeleg rusta opp med betongplatting/-kai, bord og ny skjellsand. Har ridd BOF som ein hemsko.

BOF har rusta opp Søvikvågen
Slik ser Søvikvågen ut etter opprustinga (foto: BOF)
Andris Hamreonsdag 04. juli 2018 07:07

Bergen og Omland Friluftsråd (BOF) fortel i ei facebookoppdatering at dei endeleg har klart å prioritere oppgradering av Søvikvågen i Lysefjorden.

– Sommaren 2018 er endeleg også denne hemskoen oppgradert - betongplatting/-kai langs strandlinja i Søvikvågen friluftsområde.

– Det er grunt utanfor der, så noko tilhaldsstad for større båtar er det ikkje, kanskje meir ein publikumstilkomst for stupebrette.

– Vi har tenkt på dette vedlikehaldsprosjektet i mange år (og fått fleire påpeikinger frå publikum), men med 17 deltakarkommunar og over 325 friluftsområder er det ikkje alltid like lett å prioritere/finna finansiering i systemet utan at åra ruller avgarde. No er i alle fall prosjektet utført i forhold til plan. Vi får helde tommelen for at det held seg slik.

God hjelp av lokale eldsjeler

I tillegg til oppgradering av kaia har BOF satt ut eit nytt bord/benk og sørgja for den årlege tilførselen av skjellsand. Det har også blitt utført graving i området.

– Forhåpentlegvis vil utfordringane vi har hatt med vatn/overvatn dei siste åra vera avtakande. Vi kan i alle fall leve i håpet, slik at gressflatene blir verande grøne året gjennom.

– I Søvikvågen har vi også god hjelp av lokale eldsjeler, som gjer årleg dugnadsarbeid i friluftsområdet. Desse gjer ein meget verdifull innsats for å helde friluftsområdet i god stand, skriv BOF og nemner FAU i Lysekloster barnehage og Søvikvågens venner. Også Lysefjorden sanitetsforening har vore ein viktig bidragsytar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.