Kultur | 07. nov. 2012

Bokkveld i Solbakkestova

– Som tidlegare år har vi også i år fått med oss spennande og flotte forfattarar.

Bokkveld i Solbakkestova
Solbakkestova. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 07. nov. 2012 13:48

Då gler vi oss igjen til bokkveld i Solbakkestova på torsdag kveld. Det er blitt årvisst, at når november kjem, då kjem også bokkvelden, men i år som del av programmet i WT Litteraturfestival.

Som tidlegare år har vi også i år fått med oss spennande og flotte forfattarar.

Denne torsdagskvelden er det den drivne krimforfattaren Jørgen Jæger, som også er nominert til bokhandlarprisen, vår eiga Monica Nordland Yndestad, som har fått strålande kritikkar for si første krimbok, og allsidige Hans Sande, som saman med Bente Bratlund står for orda.

Og så vil vi sjølvsagt få presentert årets Osingen.

Våre faste bokkveldmusikarar ”Tre med skjegg og ein utan” er også høgdepunkt vi gler oss til.

Det blir dekka bokbord så ein kan sjå og også kjøpa, og det blir kaffi og kaker.

Nokre heldige vil til og med kunna vinna seg ei bok på inngangsbilletten, som er gratis.

Vi ønskjer alle gamle og nye bokkveldgjestar velkommen.

Vidar Bratlund Mæland

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.