Tor Arve Røssland skal denne veka feira 20 år som forfattar. Dette gjer han med å lansera ei ny bok, «Kodeord Overlord». (Foto: Mangschou)
Tor Arve Røssland skal denne veka feira 20 år som forfattar. Dette gjer han med å lansera ei ny bok, «Kodeord Overlord». (Foto: Mangschou)

Bokslepp og jubileum

Tor Arve Røssland feirar 20 år som forfattar med lansering av «Kodeord Overlord». 

Kjetil Osablod Grønvigh
23. september 2019 - 12:16

Tor Arve Røssland er oppvaksen på Husnes, men har budd på Halhjem i Os dei siste 15 åra.

I 2018 hadde han bokslepp på Fløyen. Då med boka «Dronen», den niande boka i Skumring-serien, ein serie med bøker skrivne av ulike forfattarar, med lettlese oppsett og val av ord.

Denne veka slepp Tor Arve Røssland ei ny bok, og skal samstundes feira at han no har vore forfattar i 20 år. 

Musikk, song og bokbad

På torsdag har Røssland saman med Vigmostad & Bjørke og Det Norske Samlaget invitert til fest og bokbad på Cornerteateret i Bergen. 

– Frøydis Flotve skal halda tråden i arrangementet, fortel Røssland.

– Etter at eg har fått presentert den nye boka mi, skal Ragna Flotve bokbada meg - ho er faktisk ein av dei få som faktisk har lest alle bøkene mine, seier Røssland spøkefullt.

Deler ut bøker gratis 

Vidare vil Tarjei Vatne setja den musikalske stemninga for lanseringa, og det vil i tillegg bli boksal av nesten alle bøkene til Røssland.  

– Eg må tømma ei kjellarbod før vinteren set inn, så alle som kjem får ein kopi av den minst populære boka mi - heilt gratis.  

Røssland kan òg fortelja at publikum skal få oppleva noko nytt på torsdag;

– Eg skal synga ein eigenkomponert song!

Om kodeord og korleis dei kunne ha endra verdshistoria

«Kodeord Overlord» er ei actionfylt historie om ein ung gutt sitt liv under andre verdskrig, om soldater, spionasje og korleis lekka kodeord kunne ha endra verdshistoria.

Boka handlar om Henry som drøymer om å bli pilot og kjempa mot tyskerane i lufta. Men han er for ung, og då bombene fell over London, blir han evakuert til småbyen Effingham. Ein stor militærleir bygd opp utanfor byen, og Henry og kameratane blir kjent med sersjant Jimmy og mannskapet hans. Gutane føler seg som ekte soldatar når dei får høyra om hemmelege planar og kodeord. Men ein morgon blir Henry arrestert av MI5 – mistenkt for spionasje.

Les meir om

Lokal Kultur Litteratur