Lokal | 27. feb. 2012

Bølla med Betty

Os sin første russebuss har fått ny eigar. No har bussen blitt utsett for hærverk.

Bølla med Betty
Betty Grable nyoppussa og fin i Os før russetida i 2011. No har Betty blitt Sandsli-russebuss. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 27. feb. 2012 21:37

Betty Grable blei namnet på den første russebussen i Os. Rett nok med nokre innslag av Fana-russ. Under arbeidstittelen Stars and Stripes jobba russen seg gjennom vinteren med omfattande oppussing.

Les òg: Bussen blei Betty

Feiringa gjekk fint, bussen var godt utstyrt og medlemmane, som blant anna besto av skøyte-esset Sverre Lunde Pedersen, var uniformert i eksklusive Canada Goose-jakkar og utstyrt med eigen temasong til bussen.

Så var russetida over og bussen blei selt. For 100.000 kroner hamna Betty på Sandsli, men ungdomane frå Bergen sør var ikkje like heldige med investeringa.

Bussen er nemleg utsett for hærverk fleire gongar.

Først var nokon inne i bussen og stal spotlysa, no har dei knust frontruta, fleire lykter og gjort skade på døra i forsøk på å bryta seg inn, melder BA.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.