Sport | 31. juli 2012

Bombedrama i Oslo

Norway Cup-spelarar frå Os måtte avlyse piknik grunna funn av mogleg bombe ved den amerikanske ambassaden.

Bombedrama i Oslo
Livet går sin vante gang på Ekebergsletta til tross for bombedramaet i Oslo sentrum (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretysdag 31. juli 2012 13:30

Det utspiller seg tysdag eit drama ved den amerikanske ambassaden etter funn av ein mistenkeleg gjenstand under ein av bilane som skulle inn på ambassaden.

Politiet i Oslo har sperra av eit område 500 meter i diameter frå ambassaden, noko som mellomanna gjer at kollektivtrafikken i området står og Norway cup-kampar på Voldsløkka har blitt avlyst.

- Nokre av jentene mine skulle i Frognerparken på piknik saman med eit par tre foreldre, men dei måtte gjera vendereis, fortel Ostrenar Kjetil Vasby Bruarøy, som sjølv er på Ekebergsletta for å følgje andre Os-lag.

I følgje VG.no skal det ha vore ei øvingsbombe som den amerikanske ambassaden hadde gløymt å fjerna etter ei intern øving som utløste bombedramaet tysdag formiddag.

Suverene jenter

Oppe på Ekeberg og dei andre banane kor fotballturneringa pågår går livet sin vante gang fortel Bruarøy.

Sjølv er Os j14 som Bruarøy trenar ferdige med dei innleiande kampane og kan jubla over puljesiger etter å ha slått Lena 4-1, Ballerup-Skovlunde 3-0 og Nordstrand 2-0.

Onsdag speler dei 1/16-finale mot vinnaren i pulje 3. Der kjempar Surnadal og Hadeland KFK1 om puljesigeren klokka 15.30 i ettermiddag.

Midtsiden kjem tilbake med meir frå Norway Cup i kveld.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.