Lokal | 26. okt. 2012

Bomma på vegen

Føret er ikkje det einaste folk slit med på glatten, enkelte klarer ikkje å skilja mellom veg og plen når snøen dekker alt.

Bomma på vegen
Føraren såg ikkje kvar vegen gjekk, og hamn ut på plenen med to av hjula. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 26. okt. 2012 11:09

Natt til fredag la snøen seg i Os for første gong etter sommaren.

Ein bossbil sette seg fast i Kolabakken - andre hadde problem over Vallaheiane.

På Lyngheim, som ikkje akkurat er den brattaste plassen i Os, har ein annan bossbil kjørt seg godt fast.

– Bilen kom seg fint opp til dei inste husa, men har tydelegvis bomma på vegen då den kjørte tilbake, fortel ein nabo.

Uhellet skjedde i 10.30-tida.

– Frykta at den skulle velta

Mannskapet om bord i RenoNorden sin bil har sidan prøvd med alt frå kjetting til stokkar under hjula, men har berre kome djupare og djupare ned i plenen.

– Eg frykta ei stund at bilen skulle velta, fortel naboen. Men no har dei endeleg, etter 2,5 time, slått av motoren, så dei har nok bestilt hjelp til å taua bilen opp igjen på vegen.

Bilen står så langt ut av vegen at personbilar fint kjem seg forbi.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.