Lokal | 13. feb. 2020

Bompengar på sidevegar: Skuffa etter behandling i SAMO

– I dag var det fleire parti som ikkje leverte, synest Gustav Bahus (Frp).

Bompengar på sidevegar: Skuffa etter behandling i SAMO
Gustav Bahus (Frp), her på talarstolen i kommunestyret i desember. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 13. feb. 2020 15:16

I dagens møte i hovudutval for samferdsel og mobilitet (SAMO) i Vestland fylke blei uttale til «konsekvensar av å fjerne bom på sideveg for E39 Svegatjørn-Rådal og Rv555 Sotrasambandet» behandla.

Samferdselsdepartementet kom i brev datert 18. juni 2019 med innstramming i bruk av bom på sideveg. Grunngjevinga er at slik innkrevjing gir dårlegare samanheng mellom betaling og nytte.

Administrasjonen i Vestland fylke hadde denne innstillinga til uttale:

Fylkesutvalet i Vestland fylkeskommune viser til uttale frå fylkesutvalet i Hordaland i september 2019 om bom på sideveg. Etter fylkesutvalet si meining viser Statens Vegvesen si utgreiing at det vil gje store negative samfunnsøkonomiske konsekvensar ved å ikkje etablere bom på sidevegane for desse sambanda. Fylkesutvalet i Vestland stadfester difor tidlegare vedtak i Hordaland fylkeskommune den 19. september 2019 om bom på sideveg, og vil ikkje gje tilslutnad til å greie ut å ikkje innføre bom på sideveg for rv. 555 Sotrasambandet og E39 Svegatjørn - Rådal.

Overraska og skuffa

Gustav Bahus (Frp), som stilte som vara for Sigbjørn Framnes, hadde stor tru på at politikarane kunne snu saka, og koma med ei uttale i retning bomfrie sidevegar.

– Vi hadde til og med gjort det så spiseleg for dei andre partia at vi sa ja til at det skulle greiast ut om dette var gjennomførbart, seier Bahus til Midtsiden.

Men Frp (2), Høgre (3) og FNB (1) blei ståande åleine mot KrF (1), Sp (2), Ap (4), SV (1) og MDG (1).

– Det endte 6 mot 9. Her skuffar KrF og Ap, som både lokalt og nasjonalt har engasjert seg for bomfrie sidevegar, men ikkje innfrir når vi skal forma ein uttale.

Han fryktar at dette vil skada bygder som Nordvik og Søfteland, der turar til og frå fritidsaktivitetar og venebesøk kan ramma lommeboka hardt.

– KrF har signert Granavolden-plattforma, som forslaget frå departementet er basert på, stortingspolitikar Ruth Grung (Ap) har tidlegare snakka varmt om dette, og Olav Søfteland (Ap) har vore engasert i årevis. Eg ser òg at Bjørnafjorden Sp seier dei er imot bompengar på sidevegar, men det hjelper tydelegvis lite på fylkesnivå.

Ruth Grung (Ap) sendte dette spørsmålet (stortinget.no) til den gong samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp) i juni 2019:

I Granavold plattformen står det "At bom på sidevei som hovedregel skal unngås, med mindre det er nødvendig for å realisere prosjektet." På Stamveg prosjektet E-39 Os-Bergen er det planlagt bom på Fv163 Lysefjorden-Fanafjellet og langs eksisterende E39.
Vil ministeren sørge for at Granavold plattformen blir fulgt opp, og hindre at disse planlagte bomstasjonene på sideveiene blir bygget?

– Partia har gått til val på dette, men fylkespolitikarane seier dei ikkje kan ta omsyn til kva partifellene deira har hatt av lesarinnlegg og intervju i lokalaviser, fortviler Bahus.

– Kan få alvorlege konsekvensar

I forslag til innstilling har fylkesrådmannen blant anna desse argumenta til negativ uttale:

Økonomi: Om det blir stor inntektssvikt i bompengepakkene, kan fylkeskommunen sitt garantiansvar bli løyst ut. Det kan få store og alvorlege konsekvensar for fylkeskommunen si økonomi.

Klima: Klimagassutsleppa frå trafikken er forventa redusert som følgje av nye og betre vegar med betre framkome. Om trafikken vil velje sideveg, vil det føre til at denne vinsten ikkje blir realisert. Folkehelse: Utslepp, støy og andre miljøproblem knytt til trafikken på dagens veger er føresett reduserte som følgje av ny E39 Svegatjørn-Rådal og rv. 555 Sotrasambandet. Om det fortsett blir stor trafikk på dagens veger, blir desse positive effektane ikkje realiserte langsetter dagens veger.

Konklusjon: Fylkesrådmannen rår til at det ikkje vert gitt tilslutning til å utgreie eit nytt bompengeopplegg for Rv. 555 Sotrasambandet og E39 Svegatjørn-Rådal.

  • Sjå heile innstillinga til administrasjonen på vlfk.no

Saka skal opp i fylkesutvalet i morgon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.