Lokal | 16. okt. 2017

Bondepikene hylla bondelaget

Tilslørte Bondepiker med spesialskriven song til 150-årsjubileet til Os bondelag.

Bondepikene hylla bondelaget
Tilslørte Bondepiker overraska med nyskriven song til Os bondelag sitt 150 årsjubileum (foto: Mette Midtseter)
Andris Hamremandag 16. okt. 2017 13:18

Laurdag feira 65 inviterte gjester Os bondelag sitt 150 årsjubileum med festmiddag i Oseana.

– Bondens dag på Osøyro var for alle, laurdag feira vi oss sjølv med inviterte gjester frå Os, Fana og ulike organisasjonar som Noregs Bondelag, Nortura sau- og geitavlslag og Fylkesmannen, fortel Olav Botnevik, leiar i Os bondelag.

På menyen sto hummer, ytrefilet av gourmetkalv og sjokoladefontant.

Like aktuell i dag

Festen blei leia av Geirmund Dyrdal og Elfrid Moberg, med Jon Grindvoll som stødig arrangør.

– Geirmund las prologen som blei skriven til 100 årsjubileet. Den var like aktuell i dag, som den var for 50 år sidan. Ting har ikkje forandra seg så mykje. Kampen om marknadene er evig og landbruket sin posisjon har ikkje forandra seg så mykje som ein kanskje skulle tru.

Musikalsk høgdepunkt

Botnevik trekk fram visitten dei fekk frå koret «Tilslørte bondepiker» i omsydde felleskjøpetdressar.

– Songen deira var det definitive høgdepunktet. Den aleine var verd billetten. På toppen av dei heile hadde dei skrive ein eigen sang til oss.

– Litt artig var det òg at bondepikene hadde funne ut kor mange av bruka i Os dei stamma frå og henta fram tal frå landbruksregistreringa i 1865. På den måten hadde dei rekna ut kor stor del av avlinga og produksjonen i Os dei no representerte, smiler Botnevik.

Skryt gjer også Botnevik av melkebonden Sveinung Skeie frå Fana, som stilte med band og spelte til dans ut i dei seine nattetimane.

Original gåve

Under festmiddagen blei det som seg hør og bør tildelt heidar og ære. Både Eivind Moberg og Olav Botnevik fekk påskjønnelser gjennom bileter og gåvekort, men også laget som sådann fekk velfortente helsingar.

– Det var mange blomer og gode ord. Den artigste gåva kom frå forsøksringen. Frå dei fekk bondelaget eit gåvekort på ein sykkel i Afrika. Utviklingsfondet driv eit hjelpearbeid der nede kor dei er med å utviklar landbruket. For å komma seg rundt mellom gardane nyttar dei sykkel, så no er ein av dei i namnet til Os bondelag, avsluttar Botnevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.