Lokal | 30. sep. 2011

– Bookingane haglar inn

Vestlandets første hall med kunstgrasbane for hund: Fjellanger har ope hus laurdag.

– Bookingane haglar inn
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 30. sep. 2011 12:41

Til no har Rune Fjellanger hatt begge endane av skalaen, nye hundeeigarar på kvalpekurs i den eine enden, avansert trening av søkshundar i den andre.

Men for ein månad sidan sto den nye hallen hans ledig, den einaste innandørs kunstgrasbanen i Noreg utanom ein i Drammen. Eit tilbod som også treff andre hundeeigarar; entusiastane.

Ny og populær

– Hundeeigarar har valfarta til hallen i Drammen for å trena agility og anna. Då eg oppdaga at dette var den einaste av sitt slag i Noreg, og at dette med lydighetstrening og agility har tatt heilt av i Sverige, så tenkte eg at vi skulle vera tidleg ute, seier Rune Fjellanger.

Hundeklubbar i og rundt Bergen har vore raske med å booka seg plass, men også privatpersonar kan via nettsida hans sjekka om det er ledig og booka seg tid til trening på kunstgras under tak.

– Her treff vi også dei aktive hundeeigarane, dei som går på utstilling eller driv trening av hundane sine. I Bergen har vi fleire landslagsutøvarar og ei av dei som skal til VM førstkomande tysdag trener jamleg i den nye hallen vår.

Held show

– Hallen, som er på 800 kvadratmeter, har også både butikk og kafé, fortel Fjellanger.

Laurdag held han ope hus (frå 10-15), også for hundar.

– Folk kan gjerne ta med seg hundane, så kan dei få prøva seg i ei løype. Elles blir det både presentasjon, litt om det internasjonale forskingsarbeidet vi driv, og oppvising innan blant anna triks og agility.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.