Jeanett Borgen Kallekleiv, her under moteshowet ho arrangerte på Knutabruo laurdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Borg Vêr har fått nytt lokale

Jeanett Borgen Kallekleiv signerte ny leigeavtale i dag.

image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I sommar blei førsteetasje av Tønjumgården, der Borg Vêr leiger, selt til eigar av nabobygget Midtpunkt, som leiger ut til Coop. Coop har ambisjonar om å utvida for å endra frå Prix til Extra, og Borg Vêr måtte på jakt etter nytt lokale før kontrakten går ut i august 2019.

– Eg har likt meg godt i Os sentrum, og har sett på sju ulike lokale, seier Jeanett.

I dag signerte ho leigekontrakt i Amfisenteret.

– Dette var det beste alternativet for butikken min. Eg kjem til å sakna Osøyro, men eg gler meg òg veldig til å opna på senteret.

Flyttesjau i ekspressfart

Borg Vêr flyttar inn i lokalet der Tilbords-butikken var fram til i vinter, i andre etasje i senteret.

Lokalet er på rundt 100 kvadratmeter, noko som tilsvarar dagens Borg Vêr.

Opning i AMFI Os blir allereie 1. oktober. Likevel held dagens butikk ope til 29. september.

– Styrker utvalet og humøret

Senterleiar Silje Lygre er glad for å få ny leigetakar på plass i det einaste ledige lokalet utanom det nye arealet i etasjen over Europris.

– Både Borg Vêr sitt vareutval, med mote for herre og dame, og Jeanett som person, som er så initivrik og munter, blir ei glede å få på huset.

Opningstider - før og no

Å flytta frå eit sentrum til eit kjøpesenter fører ofte til auka utgifter, ikkje berre i husleige, men i arbeidstimar per veke i utvida opningstider.

– Då det viste seg at eg måtte ut av dagens lokale bestemte eg meg for at det anten blei å legga ned eller å satsa meir. Dette er ei opptrapping for våre del.

– Samtidig blir ikkje dette den store forskjellen for meg. Eg har halde ope til klokka 19 kvar dag sidan eg opna. Laurdagane har det stått ope til klokka 16 på døra, men eg har ofte blitt ståande i butikken til klokka 17 og 18 fordi det har vore folk i butikken.

Om Jeanett skal gi eitt tips til resterande handelsstand i Os sentrum så handlar det nettopp om opningstider.

– Eg veit at det har vore eit heitt tema i årevis, men felles opningstider, og det å ha ope litt utover ettermiddag og kveld, trur eg er vegen å gå.

– Konkurransen mot netthandel blir ikkje mindre, og då må du i det minste ha butikken open når kundane ønskjer å handla, ikkje når det passar deg best å vera på jobb.

Fleire saker