Sport | 06. sep. 2016

Borgen skal køyra finale på Bjerke

Jonn Borgen held fram med å gjera suksess med «Kuven Storm». I går tok 71-åringen seg til kriteriefinale med 500.000 i førstepremie.

Borgen skal køyra finale på Bjerke
Jonn Borgen og «Kuven Storm». (Privat bilde, foto: Elin Helland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 06. sep. 2016 10:20

I mai hadde Jonn Borgen ein god dag og vann med to hestar på Bergen Travpark, i juni blei han kåra til månadens hesteeigar (ekstern lenkje) i Noreg.

– Eg har hatt han i nokre mønstringsløp for 2-åringar, og i eitt prøveløp, og kjente at vi har noko på gang. Vi har hatt 30-40 hestar og Storm er laga på 4. generasjonshoppe frå Kuven, men eg har aldri vore med på noko så lovande som Kuven Storm, sa Borgen i mai.

I går kuska han sjølv Kuven Storm inn til 4. plass i eitt av tre kvalifiseringsheat til finalen i Norsk Travkriterium, det gjevaste treåringane kan vera med på.

Ville passera verdsstjerne

– Eg hadde nok tatt tredjeplassen om ikkje det hadde blitt hjulhekt i siste sving, seier Jonn.

Han prøvde å koma seg forbi verdsstjerna Örjan Kihlström, som frå 2003 til 2007 køyrde inn 133 millionar svenske kroner, då det blei hekt.

Det blei 3. plass på svensken og 4. plass, som akkurat er godt nok, til Borgen.

Sjå komplett resultatliste på travsport.no.

Finale med store premiar

Finalen går, som kvalifiseringsløpa, på Bjerkebanen. Laurdag 17. september ligg det ein halv million i førstepremiepotten.

– No har vi betalt og betalt i årevis, det skal bli spennande å sjå om vi får noko ut igjen, seier Jonn.

Han fekk 6000 kroner for å kvalifisera seg og det er fleire fine premiar å kjempa om i finalen, der dei 12 beste treåringane i landet deltar.

To år sidan sist

Dette er første gong at Borgen er i kriteriefinalen. For to år sidan opplevde ein annan osing, Trygve Håvardstun, det same med treåringen «Gomnes Birk».

– Gratulerer til Jonn, dette var kjekt! Det er gjerne berre éin gong i livet du får oppleva noko slikt, seier Trygve, som òg kom på 4. plass i kvalifiseringa.

I finalen i 2014 blei det 9. plass på Håvardstun.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.