Bortekampen snudde to gongar
Os hadde sjanse til å klatra tabellen, men rota det vekk borte mot Vålerenga 2.


Laurdag spelte Os bortekamp mot Vålerenga 2. Heime vann Os 6-1, i går fekk dei ein tøffare start på det som var jakta på sin sjuande siger i rekkja.
Vertane gjekk i tet på kontring i 15. minutt, men Os utlikna tre minutt etter.
Eit innoverskrudd frispark av Mahias Dahl frå Os sin høgre kant blei kontant head innforbi første stolpe av ein motspelar. Truleg i forsøk på klarering.
Fire minutt før pause gjorde Sebastian Plätzer, som i heimekampen, denne gong etter veggspel, og med ein fin chip. 2-1 til Os.
Men Vålerenga 2 skåra etter pause på to innlegg frå nær dødlinja på eigen høgrekant. Utlikninga kom i 51. minutt, kampen var snudd til vertane sin fordel i 60. minutt.
Vålerenga fekk ein spelar utvist på overtid, men 3-2 sto seg kampen ut.
Vålerenga 2 - Os 3-2 (1-2)
Os:
1 Kasper Sandven Færøvik
6 Karl Aspevoll Omdahl
15 Mathias Sivertsen
21 Mathias Aastvedt Dahl
29 Vegard Leikvoll Moberg
18 Sebastian Plätzer
20 Torgeir Lunde (kaptein)
24 Eirik Rysjedal
7 Kim Arne Brakstad
10 Thomas Stene Spilde
23 Daniel Grimset Kvalvågnes
Innbytarar med speletid:
2 Jason Onsrud Buan
8 Lukas Einarsen Olsen
11 Henrik Tysse Sperrevik
14 Anders Hjelle Havsgård
19 Fredrik Strønen Skeie
I går spelte Bjarg og Førde 1-1 i det som var ein toppkamp. Os ville ha klatra forbi Førde med siger i går.
Fana tapte 2-3 heime for Fyllingsdalen. Os held dermed på 3. plassen, a-poeng med Fana.
Neste Os-kamp er heime mot Loddefjord laurdag. Loddefjord ligg nest nedst på tabellen, Os vann 4-1 borte i vår.
- Tabell på fotball.no





