Lokal | 12. juni 2014

– Bosset blir henta i dag

Det har hopa seg opp i og rundt konteinarane for hytteavfall etter den fine pinsen.

– Bosset blir henta i dag
Sånn såg det ut mellom Storum og Lepsøy i går. I dag blir bosset henta. (Lesarbilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 12. juni 2014 11:59

– Sånn ser det ut tre dagar etter at pinsehelga er over, skriv ein Midtsiden-lesar som har sendt bilde av returpunktet ved Blindasundet, mellom Storum og Lepsøy.

Tre opne og overfylte konteinarar er omringa av fleire bossekkar. Fuglar har gått laus på sekkane og bosset har byrja å flyta utover.

– Blir henta i dag

Kommunikasjonsrådgjevar hos Bir, Tina Skudal, fortel at dei har mottatt to klager frå området.

– Bosset blir henta i dag. I neste veke er vi over på sommartøming, då aukar vi frå éin til to hentingar i veka.

– Men om ikkje det betrar seg vil vi sjå nærmare på kapasiteten på dette returpunktet.

Ber brukarane låsa

Returpunktet det er snakk om er låsbart og Skudal håper dei som har nøkkel bruker den.

– Det plar betra seg mykje når konteinarane er låst. Når dei står opne overfylt med boss er det større sjanse for at folk set avfall frå seg rundt kontenarane.

– Vi kjem nok også gjennom sommaren til å sjekka at alt er låst, og ved behov kan vi koma til å gå gjennom bosset for å avdekka eventuelt misbruk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.