Lokal | 28. nov. 2014

Bosset flyt langs E39

Sjekk tilstanden i Hjellemarka på Søfteland!

Bosset flyt langs E39
Ein gamal stol er blant det som ligg i grøfta på E39 Byvegen i Hjellemarka. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 28. nov. 2014 14:39

Bildeserie:

(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 6
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Tidlegare denne veka blei Midtsiden tipsa om store mengder avfall langs E39 ved kontrollposten i Hjellemarka.

Utfor skråninga ved den lange haldeplassen ligg det tett med boss, og ikkje berre tomflasker og plastposar, men alt frå demonterte garderobeskap, sofa og stol til sovepose og vaskemaskin.

Til og med i trea heng det bossposar.

– Eg blei gjort merksam på dette tidlegare denne veka eg òg, seier brannsjef Stein Gjøsund.

Han har sjekka grunneigarforhold og varsla Statens vegvesen. To osingar og Statskog er eigarane i det aktuelle området.

– Grunneigar har ansvar for si tomt, men vegvesenet har eit moralsk ansvar for det som ligg 3 til 5 meter frå vegen.

Kan bli overvaka

Brannsjefen har også snakka med nokre av naboane til vegstrekket.

– Vi har bedt dei vera raske med å varsla, og gjerne ta bilde, om dei ser nokon som kastar boss.

– Dette gjeld også andre som kjører forbi eller ser tilsvarande dumping andre stadar. I fellesskap kan vi kanskje redusera dette, og kanskje få tatt nokre av syndarane.

Kameraovervaking kan også bli eit aktuelt tiltak på dei mest utsette stadane i Os.

Fjerna 1,2 tonn frå Langedalen

Tidlegare i år har Os kommune og grunneigar vore i diskusjon om tilsvarande store mengder dumping på Lysefjorden-sida av Langedalen.

Os & Fusaposten hadde fleire artiklar om problemet.

I utgangspunktet er det grunneigar sitt problem, spesielt når det er snakk om avfall som ikkje akkurat har blese ut vindauget på ein bil. Men i denne omgangen tok kommunen tak i det.

I førre veke var teknisk eining i Os kommune med to-tre mann og rydda ein heil dag.

– Det blei ein full lastebil, til saman 1,2 tonn, med avfall, fortel teknisk sjef Marianne Kramer.

Nytt samarbeid med BIR

Kramer fortel at Os kommune vil ha auka fokus på problematikken med slike «vill-fyllinger».

– Vi har vore i dialog med BIR og kjem til å inngå eit samarbeid med verknad frå 1. januar 2015.

– Då vil vi kartlegga dette betre og diskutera både førebyggande tiltak og samarbeid om fjerning av ulovleg avfall.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.