Lokal | 27. jan. 2012

Bråk og bålbrenning

Politiet torsdag: Bråk på Amfisenteret, bål på bussterminalen, avskilting av moped, farleg leik i rundkjøringa og eks-type som sparka i ytterdøra.

Bråk og bålbrenning
Nokon tente fyr på bosset i venterommet på Os bussterminal torsdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 27. jan. 2012 10:08

Torsdag blei ein moped avskilta på Lepsøy. Eigar hadde ikkje teikna ansvarsforsikring, dermed tok politiet med seg kjenneteiknet.

I 13-tida torsdag hadde politiet ein lite trafikkontroll nær Os sentrum. 10 bilar blei kontrollerte, alle hadde alt i orden.

Brann i bosspann

Klokka 15 kom melding om brann i bosspann på venterommet på Os bussterminal.

– Brannen var sløkt då vi kom fram. Brannvesenet kontrollerte åstaden og sørgja for utlufting, fortel politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen.

Bråkete ungdom

I 16.30 blei ein bråkete ungdom bortvist frå Amfisenteret.

Det var vektaren ved senteret som viste ungdomen vekk, og så varsla politiet for å orientera om saka.

I 20.30-tida fekk politiet melding om ungdom som sprang rundt i rundkjøringa i Os sentrum. Dei var då opptatt med ransaking og eit større narkobeslag, og kunne ikkje rykka ut på meldinga.

Eks sparka i døra

Torsdag kveld i 21-tida fekk politiet melding frå ei kvinne som følte seg truga av eks-kjærasten.

– Han hadde blant anna sparka i ytterdøra hennar, fortel Hadler-Olsen.

Mannen hadde fjerna seg raskt. Politiet rykte ut og tok ein prat med kvinna, som skulle ta kontakt igjen om ho ville at dei skulle følgja opp saka.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.