Lokal | 08. des. 2012

Bråk, sladding og bulk

Nokon hamna i trøbbel med vaktane på nattklubbane i Os i går, andre fekk problem i trafikken.

Bråk, sladding og bulk
(Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 08. des. 2012 09:12

Politiet hadde ingen kompliserte oppgåver fredag kveld, men nokre episodar var det å ta hand om.

– Vi fekk melding om eit trafikkuhell i Hegglandsdalen klokka 19.25. Meldar fortalte at det berre var materielle skadar og at det berre var på meldar sin bil, så vi rykte ikkje ut, fortel politibetjent Christine Grindstein.

Litt seinare på kvelden oppdaga dei sladding ved Os Gymnas.

Ved slik ulovleg leik med kjøretøy hender det ofte at politiet tar beslag i førarkortet, men i går slapp vedkomande unna med åtvaring.

Trøbbel på nattklubbane

I 1.30-tida blei politiet involvert i ein episode mellom gjest og vakt på Bar2Be.

– Gjesten fekk påleg pm å fjerna seg frå Os sentrum. Han retta seg ikkje dette og blei seinare fjerna frå staden, fortel Grindstein.

Litt seinare på natta fekk politiet melding frå ein som fortalte at vaktane på Irish Cat hadde tatt tak i kameraten hans.

– Han meinte vaktane brukte unødig mykje makt. Han som blei tatt av vaktane ringte oss etterpå og sa det same, og fortalte at han vil melda episoden.

– Førebels har vi ikkje høyrt Irish Cat sin versjon, vi får først sjå om nokon kjem inn og leverer politimelding, seier Grindstein.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.