Brakstart på hausten
Os skåra på både straffe og brasse og tok ein solid siger over Varegg i første kamp etter sommarferien.
Det var varmt og opphaldsvêr gjennom nesten heile kampen på Kuventræ i dag, og godt med folk som møtte fram for å sjå Os opna haustsesongen på heimebane.
I seriestarten borte mot Varegg vann Os 1-2, i dag blei det betre målforskjell.
Os - Varegg 4-1 (2-1)
Målskårarar, Os: Mats Cato Moldskred (straffe i 10. minutt), Erik Kanestrøm (21.), Børge Borgen (66.) og Roar Vestbø (69.).
Svein Erik Bjordal på Varegg reduserte til 2-1 i 44. minutt.
Gule kort, Os: Stian Bakke
Os (4-3-3): Frode Øvredal - Torkel Hjertnes, Emilis Zilinskas, Børge Borgen, Glenn Krossøy (Stian Bakke 45.) - Stian Lunde (Adrian Valle 19.), Mats Lepsøe, Erik Kanestrøm - Roar Vestbø, Mats Cato Moldskred (Joakim Hovden 66.) og Christer Olsen.
Med dagens siger har Os klatra til 3. plass på tabellen og ligg a-poeng med Sotra på 2. plass.
– Eg synest Os vinn fortent, men 4-1 blei lite flatterande for vår del.
– Vi starta begge omgangane best, men i staden for å få utliking til 2-2 var Os flinkast framfor mål og frå 3-1 blei det ein tung kamp for oss, seier Varegg-trenar Atle Ingebrigtsen til Midtsiden etter kampen.
Straffe og brasse
Varegg var kvasse på eigen venstrekant og kom seg både forbi til innlegg og fekk kampens to første cornarar.
Men på eit frispark der ballen blei vippa inn i boks blei Børge Borgen dradd i bakken og Os fekk straffe. Mats Cato Moldskred sette ballen hardt til høgre for keeper, som hadde retningen, men ikkje fart nok til å redda.
Erik Kanestrøm kom skrått på keeper då han sette inn 2-0 oppunder tverrliggar, Bjordal på Varegg lobba opp til seg sjølv før han, rett før pause, reduserte på brassespark.
Nok ei brasseskåring
Også Os kan skyta baklengs frå lufta, etter at Børge Borgen nikka inn 3-1 på corner frå Moldskred var det Roar Vestbø sin tur.
Tre minutt etter 3-1-skåringa til Borgen, og få minutt etter at trenar Berge spurde om han ville bli byta ut, hoppa Vestbø i lufta og klinte inn 4-1.
– Det er lenge sidan sist eg skåra på brasse, bortsett frå då eg trente litt heime i hagen i sommar, seier ein nøgd Roar på veg i garderoben etter kamp.
– Det var varmt og tungt å spela i dag, eg kan ikkje hugsa sist eg var så trøytt etter førsteomgang.
– Men du ville ikkje byta då Berge spurde deg.
– Nei. Når du har reist så langt for å spela er det kjekt å sleppa å sitja på benken.
To ute med skade
Os gjorde to byter før pause. Først blei kaptein Stian Lunde ut i 19. minutt, inn kom juniorspelar Adrian Valle, som klarte seg veldig godt i over 70 minutt.
Lunde fekk smerter i ryggen og måtte gje seg. Rett før pause fekk Glenn Krossøy problem med ankelen og Stian Bakke kom inn på høgre back. Også han gjorde ein god kamp.
Etter 3-1-skåringa i 66. minutt fekk Moldskred seg ein pause. Inn kom Joakim Hovden, som gjekk frå Lysekloster til Os i sommar.
Hovden var nær på å koma seg gjennom på eit kjemperaid før slutt. Han var også nær skåring på overtid etter innlegg av Christer Olsen.
Olsen, som saman med Lunde har skåra 8 mål til no, hadde fleire gode forsøk, men fekk ingen nettkjenning i dag.