Fotball | 19. juli 2025

Brakstart på haustsesongen

Os vann 6-0 på bortebane.

Brakstart på haustsesongen
Daniel Kvalvågnes, her i heimesiger over Fana før ferien, skåra to av Os sine tre første mål. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 19. juli 2025 17:07

Etter nokre veker med pause var det i dag tid for kampar i Norsk Tipping-ligaen igjen.

Os på 4. plass besøkte Fjøra på 8. plass. Det er ei stund sidan laga møttest. På Kuventræ blei det 5-3 i 2017 og 5-1 i 2021.

Os har mista Håvard Vatland Karlsen i ferien, men klarte seg heilt greit.

I dag var det fire plassar (og seks mål) mellom laga.

– Det var kanskje ikkje ein 6-0-kamp, men det var ein velfortent siger, synest Os-trenar Zsolt Korcsmar.

– Det blei mange mål etterkvart, kva skjedde?

– Vi framsto etterkvart som ein del betre trent enn Fjøra. Gutane har tydelegvis gjort leksa si med eigentrening. Eg merkte det òg då dei kom tilbake på fellestrening.

– Det var likevel spennande å reisa på kamp i dag, du veit aldri heilt korleis du ligg an. No fekk vi svaret.

– Kaptein Lunde måtte ut til pause, kvifor?

– Han fekk ein skade i ankelen på trening. Han kjente smerter i denne skade, og ville av. Vi håper han blir snart bra igjen.

Fjøra - Os 0-6 (0-2)

Målskårarar:
0-1 Daniel Grimset Kvalvågnes (26.)
0-2 Vegard Leikvoll Moberg (45.)
0-3 Daniel Grimset Kvalvågnes (62.)
0-4 Lukas Einarsen Olsen (68.)
0-5 Thomas Stene Spilde (80.)
0-6 Vegard Leikvoll Moberg (85.)

Os sitt lag:
1 Kasper Sandven Færøvik
14 Anders Hjelle Havsgård
15 Mathias Sivertsen
19 Fredrik Strønen Skeie
29 Vegard Leikvoll Moberg
18 Sebastian Plätzer
20 Torgeir Lunde (kaptein)
24 Eirik Rysjedal
11 Henrik Tysse Sperrevik
23 Daniel Grimset Kvalvågnes
27 Filip Fjellberg

Innbytarar med speletid:
6 Karl Aspevoll Omdahl (58.)
7 Kim Arne Brakstad (73.)
8 Lukas Einarsen Olsen (45.)
10 Thomas Stene Spilde (58.)
21 Mathias Aastvedt Dahl (70.)

Os møter fjøra igjen allereie 23. august.

Neste Os-kamp er heime mot Sandefjord 2 måndag om ei god veke.

Fana spelte uavgjort heime mot Førde, dermed er Os a-poeng og forbi Fana på tabellen.

No har Os berre tre poeng opp til Førde på 2. plass.

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.