Lokal | 03. des. 2018

Brann hos BIR

Like før klokka 18.30 kom det melding om brann hos BIR i Kolskogen - i ein konteinar.

Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighmandag 03. des. 2018 19:04

Bildeserie:

Eit eller anna nedi her tok fyr. (Foto: KOG)
Eit eller anna nedi her tok fyr. (Foto: KOG)
Dei tilsette hos BIR prøvde først å sløkka brannen, men måtte få hjelp av brannvesenet. (Foto: KOG)
Dei tilsette hos BIR prøvde først å sløkka brannen, men måtte få hjelp av brannvesenet. (Foto: KOG)
Gjenvinningsanlegget vart stengt ein periode. (Foto: KOG)
Gjenvinningsanlegget vart stengt ein periode. (Foto: KOG)
1 av 3

(Lesarvideo: Mathias Hetleflåt)

Det var dei tilsette som oppdaga brannen som oppstod i ein konteinar for metallavfall.

Etter sjølv å ha forsøkt å sløkka med fleire brannslukkingsapparat, ringde dei til brannvesenet som rykka ut saman med politiet.

Brannvesenet fekk kjapt kontroll over brannen, som begrensa seg til eit isolert område i containeren. I følgje vitne på staden skal det har vore ein del røyk, og flammane stod på deg høgaste ein god meter over kanten på konteinaren.

Uviss årsak

Operasjonsleiar for politiet på staden fortel at det ikkje er klart kva som tok fyr i konteinaren, men at når brannvesenet har gjort seg ferdig, vert den lukka og trekt vekk frå mottaksområdet.

Gjenvinningsstasjonen var stengt ein periode, men opna opp att etterkvart.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.