Lokal | 01. aug. 2016

Brann i båt på Strøno

Flammane velta fram då røykdykkarane opna kalesjen på ein Viksund 800 i Kvernavika måndag morgon.

Brann i båt på Strøno
Røykdykkarane Hans Marius Hauge og Morten Moberg seier flammane velta fram då dei opna kalesjen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 01. aug. 2016 08:35

Bildeserie:

Sånn såg det ut då brannvesenet kom til staden. (Foto: Os brannvesen)
Sånn såg det ut då brannvesenet kom til staden. (Foto: Os brannvesen)
Kvernevika ligg på Strøno, nær Strønebrua. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kvernevika ligg på Strøno, nær Strønebrua. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Ambulansen returnerte då det ikkje var personar om bord. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Ambulansen returnerte då det ikkje var personar om bord. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Det er Os Seilforening si hamn, men ikkje ein seglbåt som tok fyr. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Det er Os Seilforening si hamn, men ikkje ein seglbåt som tok fyr. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
– Det ligg over 100 båtar i marinaen når alle er heime frå ferie, seier Asbjørn Forstrønen (t.h.). (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
– Det ligg over 100 båtar i marinaen når alle er heime frå ferie, seier Asbjørn Forstrønen (t.h.). (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Fiskarane Thomas og Ole Jørgen Nygård varsla om brannen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Fiskarane Thomas og Ole Jørgen Nygård varsla om brannen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Eigar er varsla, men er på ferie. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Eigar er varsla, men er på ferie. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Det er uvisst kva som er årsaka til brannen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Det er uvisst kva som er årsaka til brannen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 8

Måndag klokka 09.03 kom det melding om brann i ein båt i Os Seilforening si hamn i Kvernavika, nær Strønebrua. Det var ingen seglbåt, men ein Viksund 800 Futura som sto i brann.

Politi, amblanse og brannvesen rykte ut. Ambulansen var først på staden og stadfesta ovanfor brannvesenet, som var rett bak, at det kom røyk frå båten.

Ingen folk om bord

Det var først uvisst om det var folk om bord, men røykdykkarar fekk raskt konstatera at båten heldigvis var tom.

Røykdykkarane Hans Marius Hauge og Morten Moberg seier dei såg flammar då dei nærma seg båten, og at det tok seg veldig opp då dei opna kalesjen.

– Då handla det om å sløkka brannen før skroget tok fyr, tar skroget fyr så har vi ein oljebrann, noko som gjev langt større fare for spreiing, seier brannsjef Stein Gjøsund.

Begge båtane i nabobåsane blei slept ut på sundet, ingen av desse skal ha blitt skadd.

Leppefiskarar oppdaga brannen

Det var to leppefiskarar som meldte frå om brannen.

– Vi hadde halt teiner nær Strønebrua og var på veg vidare då vi såg det kom røyk frå ein av dei mange båtane i hamna, fortel brørne Thomas og Ole Jørgen Nygård frå Sund.

Brørne Nygård hjelpte til med å få vekk båtane i nabobåsane og var på staden til redningsoppdraget var over.

Truleg elektrisk feil

Hamna i Kvernevika har plass til rett over 100 båtar. Ifølgje Asbjørn Forstrønen frå Os Seilforening, som kom raskt ned i hamna, er det ingen ledige plassar.

Kvernevika har straum og vatn på bryggene.

– Ofte er det feil i batteri eller ladarar som er årsak til brann i båt, seier Forstrønen.

Brannsjef Stein Gjøsund seier varslarane blei bedt om å kopla frå eventuell landstraum mens brannvesenet var på veg. Han oppmodar båteigarar om å sjekka elektrisk anlegg grundig.

Det var lyn og torden i Os i 5.30-tida måndag morgon. Om lynet kan ha medverkande årsak, eller om det ville slått ned i ei av dei mange mastene på seglbåtane i hamna, er uklart.

Politiet var på staden og seier det førebels er uvisst kva som er årsaka til båtbrannen. Eigar er varsla. Han var på ferie.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.