Lokal | 31. des. 2019

Brann i hus: Hundepatrulje søkte etter mistenkt

Eit husvære sto i full fyr i Prestegardsskogen i kveld. Politiet mistenker brannen for å vera påsett.

Brann i hus: Hundepatrulje søkte etter mistenkt
Politiet oppdaga brannen. Brannvesenet var raskt på staden. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 31. des. 2019 23:50

I 22.45.tida nyttårsaftan oppdaga politiet at eit husvære i Prestegardsskogen var fylt med røyk.

– Vi var i området i samband med eit anna oppdrag, fortel innsatsleiar John-Endre Skeie.

Brannvesenet og ambulanse blei tilkalla. Husværet var så fylt med røyk at politiet, som ikkje visste om det var folk i bustaden, kunne gå inn for å undersøkja eller sløkka.

– I det røykdykkarane våre tok seg inn så tente gassane i huset, fortel varabrannsjef Erik Walden.

– Vi fekk heldivis slått det raskt ned, men leilegheiten er fylt med sot og har store skadar.

Fleire nabuhus var evakuerte mens sløkkinga pågjekk, men brannen spreidde seg ikkje til fleire hus.

Søkte etter mistenkte

Politiet seier at dei mistenker brannen for å vera påsett.

– På kva bakgrunn?

– Det vil eg ikkje seia meir om før mistenkte er pågripen, seier Skeie.

Hundepatrulje kom til staden og deltok i søk etter mistenkte.

OPPDATERT: Mistenkte blei pågripen etter kort tid på ei anna adresse.

Skal ha kome med fleire trugslar

Eit vitne på staden, som er i nær slekt med huseigar, fortel at mistenkte skal ha kome med fleire trugslar tidlegare i dag.

Kort tid før brannen skal både ei kvinne og nokre born ha vore i huset.

Politiet ønskjer foreløpig ikkje å kommentera opplysingane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.