Lokal | 21. nov. 2020

– Eg sto på kjøkkenet då eg høyrde knitring i veggen.

Brann i husvegg på Hetleflåten.

– Eg sto på kjøkkenet då eg høyrde knitring i veggen.
Brannen blei sløkt før den spreidde seg til resten av huset, men ytterveggen er skadd. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighlørdag 21. nov. 2020 16:49

Klokka 17 kom det melding om brann i ein bustad.

Vest politidistrikt skreiv først på Twitter at huset skulle vera på Søfteland ved Byvegen, men huset ligg i området ved Hetleflåten.

Brannvesenet bukte ein del tid på å sikra seg at brannen ikkje hadde spreidd seg i vegg eller tak. (Foto: KVB)
Brannvesenet bukte ein del tid på å sikra seg at brannen ikkje hadde spreidd seg i vegg eller tak. (Foto: KVB)

Høyrde knitrande lyd

Huseigar oppdaga brannen då han var på kjøkkenet og høyrde ein knitrande lyd.

– Då såg vi at det brann i ytterveggen, fortel han.

Vaksne barnebarn varsla brannvesenet og starta sløkking med pulverapparat. Han sløkte putekassen, som sto i full fyr, men då det var tomt for pulver var det framleis flammar i veggen.

– Vi fyrte i utepeisen tidlegare i dag, det er mogleg nokre glør frå denne har blåst mot huset, seier huseigar om mogleg årsak.

Utepeisen står fleire meter frå huset, men brannen ser ut til å ha starta under ein terrasse på same side av huset.

Huseigar mistenker at glør frå utepeisen til venstre har blåst inn under terrassen. (Foto: KVB)
Huseigar mistenker at glør frå utepeisen til venstre har blåst inn under terrassen. (Foto: KVB)

Måtte riva veggen

Brannvesenet sløkte resten av brannen raskt.

– Mesteparten av brannen var sløkt då vi kom fram, men det tok litt tid å riva veggen for å undersøka om brannen var heilt sløkt, seier innsatsleiar Martin Østgulen Svendsen ved Bjørnafjorden brann og redning.

– Alle i huset kom seg ut og er sjekka av ambulansepersonell på staden. Dei er i fin form, seier politibetjent Sinde Lekven Hallem.

Etter utlufting kunne ekteparet og barnebarna koma inn i huset igjen, men ytterveggen har fått store skadar.

Brannvesenet, BKK, ambulanse og politi rykte ut til staden. (Foto: KVB)
Brannvesenet, BKK, ambulanse og politi rykte ut til staden. (Foto: KVB)


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.