Lokal | 22. apr. 2013

Brann i Kuventrævegen

Brannvesenet rykte ut på ein bustadbrann natt til måndag.

Brann i Kuventrævegen
(Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 22. apr. 2013 04:57

Klokka 00.26 natt til måndag fekk politiet melding om brann i ein bustad i Kuventrævegen, opplyser politiet.

Brannvesenet var raskt på staden og sløkte brannen.

- Ingen blei alvorleg skadd, men ein som bur i huset hadde fått i seg noko røyk og blei tatt hand om av ambulansen, fortel operasjonsleiar Terje Magnussen til bt.no.

– Kjellarleilegheita var overtent då vi kom fram, men vi inn eit røykdykkarteam og brannen var sløkt klokka 00.44, fortel varabrannsjef Arne Monsen.

Monsen var først på plassen og seier alle dei åtte i huset hadde kome seg ut då han kom til staden.

– Men kjellarleilegheita var totalskadd og alle dei åtte måtte overnatta andre stadar natt til i dag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.