Lokal | 22. des. 2019

Brann i lyktestolpe

Fredag var brannvesenet ute på pipebrann, søndag var det flammar i ein lyktestolpe.

Brann i lyktestolpe
Brannvesenet har vore på oppdrag på Søre Neset to gongar på tre dagar. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy) Brann i lyktestolpe
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 22. des. 2019 10:13

Søndag i 10-tida rykte Os brannvesen ut på melding om brann i ein lyktestolpe på Nedre Lekven.

– Det skal ha vore opne flammar. Då vaktlaget vårt kom fram var det nokre gneistrar, fortel brannsjef Eivind Hovden.

Brannvesenet har køyrd i retur, BKK Nett har overtatt.

Ifølgje BKK sitt kart over straumbrot er det ikkje problem på Lekven etter brannen.

Pipebrann i tomannsbustad

Fredag var brannvesenet ute på ein pipebrann. Dette var litt lengre sør på Søre Neset, ikkje så lang frå skulen på Lunde.

– Naboar oppdaga flammane, og varsla huseigar, som var heime, men som ikkje hadde oppdaga at det brann.

Det brann godt i pipa, men brannen blei kvelt utan bruk av sløkkemiddel.

– Vi var inne med termisk kamera, for å sjå at ikkje brannen hadde spreidd seg ut i trekonstruksjonen. Termisk kamera er eit godt verktøy for oss, seier Hovden.

Har du eit nytt og tett hus?

Huseigar har fått fyringsforbod til ny inspeksjon måndag.

– Denne gong var det nok dårleg lufting, ikkje våt ved, som var årsaka.

– Det er viktig å ha god lufting, spesielt i startfasen. Ha gjerne eit vindauge ope, om du har eit tett og nytt hus, og unngå å ha kjøkkenvifta på mens du fyrer i omnen. Denne kan vera med på å bremsa røyken sin gang opp pipa.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.