Sport | 23. apr. 2015

Brann tar ingen sjansar

– Klarer vi å gje Brann motstand så er eg nøgd, seier Hassan El Fakiri før møtet med gamleklubben. Her er troppane til Os - Brann.

Brann tar ingen sjansar
Rikard Norling tar tydelegvis ikkje lett på møtet med Os. (Arkivfoto: Wim Hetland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 23. apr. 2015 12:18

I går la Brann.no ut troppen (sjå under) til dagens NM-kamp mot Os. Det er tydeleg at førstedivisjonslaget ikkje tar lett på oppgåva.

– Det kan vera ei fare i slike kampar også når det går bra, svarte Brann-trenar Rikard Norling då BT.no spurde om det svake resultatet mot Hødd i serien gjør dagens NM-kamp ekstra tøff.

– Om du møter sterkare motstand enn du reknar med, og innser det for seint, kan det vera skummelt. Vi førebur oss som om dette er ein seriekamp.

Brann har ikkje røke ut i 1. runde i NM sidan 1939, men det er berre fem år sidan dei blei slått ut av Fyllingsdalen, som då var i 3. divisjon.

Os med skadefri stall

Hassan ser fram til å møta klubben han i fjor var assistenttrenar for.

– Det gjer også spelarane, dette blir ein spesiell og gøy dag på Kuventræ, seier Os-trenaren.

– I utgangspunktet skal det vera klasseforskjell, men vi speler naturlegvis for å vinna og har som mål å skapa litt trøbbel for Brann, å gje dei best mogleg motstand.

Strategien vil han ikkje røpa og startellevaren må Midtsiden også venta med å publisera. Brann legg ut sin klokka 16.45.

Men han avslører at Os har ein del tilbake frå skade. Blant anna er Kristoffer Østervold (nyerverva spelar som var toppskårar i 4. divisjon for Austevoll i fjor), med i troppen.

Ei helsing frå Lunde

Stian Lunde, som var kaptein på Os frå Tor Åge Thuen la opp etter 2006-sesongen og fram til han sjølv trappa ned etter sesongen i fjor, kjem i dag med denne helsinga via facebook til venane sine på Os:

«Aldri nokon gong kjem eg til å angra så mykje som i dag at eg la skona på hyllo. I dag skal hjartet vera langt utanpå drakto gutar. Nyt ei fantastisk oppleving, once in a lifetime. Eg skal vera 12. mann og ofra alt for dåkke, så gi oss 90 minutt med magi. Lukka te brødre.»

Her er troppane til Os - Brann

Os:
Frode Moberg Øvredal
Kasper Sandven Færøvik

Stian Bakke
Håvard Grøteide
Torkel Hjertnes
Børge Borgen
Glenn Krossøy
Emilis Zilinskas
Knut Spangelo Haga

Anders Kinden
Marius Mikkelsen
Sebastian Skåre Tune
Erik Kanestrøm
Adrian Valle
Emil Halver

Sander Kvittingen
Kristoffer Østervold
Christer Olsen

Brann:

1 Alex Horwath
12 Kenneth Udjus

3 Erlend Hanstveit
4 Eirik Birkelund
5 Jonas Grønner
6 Vadim Demidov
7 Kristoffer Larsen
8 Fredrik Haugen
9 Kasper Skaanes
10 Jakob Orlov
11 Alejandro Castro
13 Erik Huseklepp
15 Bismar Acosta
16 Emil Hansson
18 Azar Karadas
29 Kristoffer Barmen
30 Fredrik P. Knudsen
33 Amin Nouri

Kampstart er klokka 18.00.

Det er selt rundt 2000 billettar på førehand.

Kampen blir også sendt på TV Sumo og TV2 Sportskanalen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.