Branntillaup i næringsbygg

Ein tilsett sløkte brannen sjølv.

Branntillaup i næringsbygg
Industrivegen. Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 07. juli 2025 13:13

Litt før klokka 13 i dag rykte brannvesen og politi ut på eit branntillaup i eit næringsbygg i Industrivegen.

– Det var brann i eit filter i ei avtrekksvifte, men ein av dei tilsette sløkte brannen sjølv, seier Morten Rebnord, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Det var åtte personar i bygget då det tok fyr.

– Ingen blei skadd.

Filteret blei tatt ut av lokalet. Så var det utlufting.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?