Politi | 03. jan. 2024

Branntilløp i sikringsskap og mistanke om brannstifting

Eit nabolag var utan straum i fleire timar.

Branntilløp i sikringsskap og mistanke om brannstifting
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnesonsdag 03. jan. 2024 08:49

Politiet i Bjørnafjorden har sidan nyttår mottatt to ulike meldingar om brannstifting.

Branntilløpa var to ulike adresser på Moberg, den eine i eit søppelspann og den andre i ein postkasse.

Brannen i søppelspannet blei oppdaga 1. januar.

– Meldar høyrde eit smell, og trudde det kunne stamma frå eit fyrverkeri, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Det andre tilfellet blei oppdaga i går, 2. januar.

– Meldar skulle henta inn posten frå postkassen sin, og oppdaga at store delar av posten var svidd. Den kvite postkassen var heilt svart innvendig, og det lukta brent.

I 13.50-tida i går kom det melding om ein annan type brann, i eit sikringsskap utanfor ein bygning i Lysefjorden.

– Vi rykte ut saman med brannvesenet og BKK. Dei kunne konstatera at det hadde vore opne flammar i sikringsskapet.

Gata var utan straum i fleire timar etterpå, til BKK hadde reparert skaden.

Politiet har oppretta sak.

I skrivande stund, i 09.30-tida, blei det avfyrt fyrverkeri i Os sentrum. Vi kjem tilbake med meir om saka.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.