Lokal | 23. juni 2020

Brannvesenet blir nedringt: – Er det greit å tenna bål i kveld?

Det blir ingen offentlege arrangement på sankthansaftan, men fleire har tydelegvis ambisjonar om å laga stemning i finvêret.

Brannvesenet blir nedringt: – Er det greit å tenna bål i kveld?
Sidan 2012 har kommunen og Oseana samarbeidd om bål og grilling i Mobergsvikjo. I år er det opp til kvar og éin å laga stemning der dei er - på ein trygg måte. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 23. juni 2020 08:42

– Det er nesten så vi døyper vakttelefonen om til «båltelefonen», seier Espen Storum.

Han er leiar for forebyggande avdeling i Bjørnafjorden brann og redning. I går fekk han over 20 anrop om bål, i dag har telefonen halde fram med å ringa med spørsmål om brann.

– Det er eit godt teikn at innbyggarane vil avklara med oss. Årsaka til at ekstra mange ringer i år, er kanskje fokuset vi hadde på ulovlege bål i vår, og den nye rettleiaren vi lagde (PDF).

– Når det gjeld bålbrenning kan verken gi godkjenning eller legga ned noko forbod.

Du har ansvaret

I Noreg er det generelt bålforbod i utmark frå 15. april til 15. september. I dette tidsrommet er det forbode å tenne bål og grill (også eingongsgrill) utan løyve frå brannvesenet.

Det er likevel lov å gjere opp eld der det openbert ikkje kan føra til brann.

– Den som tenner i bålet må gjera desse vurderingane, vedkomande sit med ansvaret. Vi gir inga godkjenning i forkant.

– Dei som har ringt inn får tips og råd, der hovudfokus ligg på fare for spreiing og det å ha nok tilgjengeleg sløkkevatn. Mengda vatn er lett for å underurdera, til ein eingongsgrill reknar vi 20 liter vatn som tilstrekkeleg.

– Det har vore tørt lenge, og det kom ikkje så mykje nedbør i helga som det var meldt. Korleis er skogbrannfaren i Os?

– Vi følgjer Yr si vurdering for Bergen.

I går var den gul, i dag er den grønn, altså låg.

– Er det ekstra bemanning på ein dag som denne?

– Nei. Vi har gode erfaringar med sankthansaftan, folk har vore ansvarlege og flinke. Innsatsleiar vil nok køyra litt rundt i bygda, og sjekka at ting ser fint ut, elles er det ordinær vakt, seier Storum.

Han minnar samtidig alle på å sløkka bålet skikkeleg før dei går i frå det, og å ta eingongsgrillen med seg, om ikkje det er eigna stad å kasta den i området dei er.

Gode råd for trygg bålbrenning

Vestbrannregionen gir tips til bålbrenning. Desse er lista under:

  • Bålet skal byggast av reine treprodukt. Impregnerte materiale gjev frå seg giftige gassar ved brann. Det same gjeld skumgummimadrass, gamle sofaer, bildekk og liknande.
  • Bålet bør ikkje byggast for stort. Kast heller på meir ved etter kvart.
  • Ikkje bruk bensin eller liknande til opptenning
  • Er bålet høgt, bør det setjast fyr på midten. På den måten unngår du for store flammar og sterk varmeutvikling.
  • Ansvarleg vaksen skal sørgje for at bålet vert haldt under kontroll
  • Sørg for at born held god avstand til bålet. Kle dei i naturstoff som bomull og ull. Kunststoff er lett antennelege og kan smelte under sterk varme.
  • Ta omsyn til naboar. Røyken verker irriterande på slimhinner i auge og luftvegar, og representerer eit helse- og trivselsmessig problem for dei som vert eksponert.
  • Ansvarleg vaksen skal sørgje for at bålet sløkkjast forsvarleg med rikelege mengder vatn. Finnast det ikkje vatn på staden, må dette takast med.
  • I tørkeperiodar og ved sterk vind vil eit generelt forbod vurderast. Den ansvarlege pliktar å undersøkje dette før opptenning.
  • Ikkje gjer opp eld på svaberg eller bart fjell då dette gjev varige skader på berget
  • Dersom du ikkje eig grunnen sjølv, hugs å få løyve frå grunneigar til å brenne bål.

Fint vêr - ingen fellesbål i Mobergsvikjo

Dei siste åra har Os kommune saman med Oseana tatt ansvar for både eit større fellesbål, utplassering av felles grillar og, nokre år, musikalsk underhaldning for born og vaksne.

Oseana har avlyst dette i år, i samband med koronapandemien.

Oseana Kafé og Restuarant opna så vidt opp igjen laurdagar og søndagar i juni, men har ikkje ope i kveld.

– Det har vore greit å opna igjen, og vi utvider frå onsdag til søndag frå 1. juli. Men sankthansaftan har vi tidlegare hatt få gjestar, folk har tatt med seg mat sjølv, fortel Roald Mjelstad.

Det er meldt sol og rundt 25 gradar frå onsdag og fram til laurdag kveld.

I dag er det overskya, men med svak vind og rundt 20 gradar ligg det an til ein fin feiring av sankthansaftan.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.