Lokal | 14. sep. 2019

Brannvesenet køyrde mor over dam i Strøno

Strønevegen var laurdag kveld stengt grunna flaum.

Brannvesenet køyrde mor over dam i Strøno
Strønevegen i Nordstrøno var laurdag kveld oversvømt. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 14. sep. 2019 22:19

Bildeserie:

Det sto bilar på begge sider som ikkje våga seg over. (Foto: KVB)
Det sto bilar på begge sider som ikkje våga seg over. (Foto: KVB)
Også fotgjengarar trekte seg. (Foto: KVB)
Også fotgjengarar trekte seg. (Foto: KVB)
Overvatn skal vera eit gjentakande problem i området. (Foto: KVB)
Overvatn skal vera eit gjentakande problem i området. (Foto: KVB)
Vatnet fossa vidare ned på fotballbanen ved Strøno barneskule. (Foto: KVB)
Vatnet fossa vidare ned på fotballbanen ved Strøno barneskule. (Foto: KVB)
1 av 4

Det er sendt ut farevarsel i gult nivå grunna store nedbørsmengder laurdag og søndag. Det er dessutan meldt liten kuling frå vest fram til søndag kveld.

Os kommune stengde laurdag kveld Ole Bulls veg, så fekk dei melding om problem på ein fylkesveg.

– Strønevegen er oversvømt ved Strøno barneskule, fortalde teknisk vakt 21-tida.

Innringar våga ikkje å køyra eller gå over den oversvømte vegen. Ho hadde ein baby som venta på ho på andre sida av dammen, og blei køyrd over dammen av Os brannvesen.

– Dette er eitt av to oppdrag til no i kveld. Vi har òg fått melding om mykje overvatn i eit nabolag nær Lysekloster barneskule. Det var fare for inntrenging i bustad, men vi har sett ut pumpe og har ein lokal kar som følgjer med pumpa, fortel varabrannsjef Erik Walden.

Fylket sitt ansvar

– Det har vore problem med overvatn i Nordstrøno før, men det er fylkesveg, og Vegtrafikksentralen er varsla, seier teknisk vakt.

Då Midtsiden var på staden, i 22-tida, sto det tre bilar på den eine sida og éin på innsida.

Den eine bilføraren sa ho hadde elbil, og ikkje ville køyra ut i vatnet. Han andre skulle henta vedkomande som eig bilen, og ville ikkje risikera å øydelegga bilen hans. – Han får heller koma her og vassa over.

Dreneringa skal ha blitt ordna i løpet av kvelden.

• Skaper vatnet problem der du er? Send informasjon og bilde til tips@midtsiden.no

• Fanafjellsvegen var stengt frå klokka 20.30 til rundt midnatt grunna ulykke og bilberging.

• E16 er stengt ved Bolstadøyri grunna rasfare.

• Det same er fylkesveg 7 mellom Kvanndal og Granvin.

• SImadalsvegen i Hardanger blei stengt før midnatt av steinras.

• Fv 163 Sædalen i Bergen stengt grunna overvatn.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.