Sport | 06. juni 2016

Brattabø beste osing i Bergen-Voss

Lars Erlend Brattabø vann klassen sin for tredje år på rad. Samund Nordang blei også i år beste frå CK Henie.

Brattabø beste osing i Bergen-Voss
Samuel Nordang og Lars Erlend Brattabø, her under Os Rundt for nokre år sidan. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 06. juni 2016 12:37

Bildeserie:

Resultata til CK Henie i Bergen-Voss 2016.
Resultata til CK Henie i Bergen-Voss 2016.
1 av 1
Resultata til CK Henie i Bergen-Voss 2016.

Av 1977 menn som sykla Bergen-Voss i helga kom Lars Erlend Brattabø på 23. plass.

Med tida 4.17,08 var han raskaste i klassen 50-59 år og berre 5.07 bak vinnaren, Marius Sylta.

Brattabø syklar for arrangørklubben Bergen CK, mens det òg var fleire gode tider hos deltakarane i sykkelklubben frå Os, CK Henie.

4 deltakarar under 5 timar

CK Henie hadde 19 deltakarar, 4 av desse kom i mål på under 5 timar.

Samund Nordang (30-39 år) 4.29,54
Rune Sævareid (40-49 år) 4.35,40
Rudi Heilund (30-39 år) 4.52,04
Ørjan Tislevoll (20-29 år) 4.54,48

Johannes Råen kom i mål på 5 timar og 4 minutt.

Beste plassering i sin klasse (i CK Henie) fekk Jan Haugland, som kom på 11. plass i +70 år med tida 6.40,40.

Sjå resultata til alle frå CK Henie i bildefila over.

Full resultatliste finn du på live.ultimate.dk

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.