Sport | 04. aug. 2016

Brenne er ny sjef på Kuventræ

To år etter comebacket til klubben har Endre Brenne fått ei ny rolle.

Brenne er ny sjef på Kuventræ
Endre Brenne er ny dagleg leiar for Os Fotball (foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 04. aug. 2016 06:35

Brenne kom tilbake til Os Fotball hausten 2014, etter proffkarriere på øvste nivå på Island, i fleire roller på Kuventræ.

Etter at Lars Bakkerud gav seg som sportssjef landa fleire oppgåver på 28-åringen frå Strandebarm.

– Eg lærte mykje av Lars, både sportsleg og innan leiarskap. Oppgåvene på Kuventræ har variert noko, vi har blant anna Rafael Villén som hovudinstruktørar på fotballfritidsordninga, vi har fått Hans Otto Bruarøy som controller og det har kome fleire aktive krefter til i styret.

– Det er høg aktivitet og god stemning i klubbhuset gjennom heile veka, og eg er glad og admjuk for at styret har gjeve meg denne tilliten. Eg har følt større og større eigarskap til Os Fotball, eg ser potensiale og eg er spesielt opptatt av korleis vi skal få dei mange gode ungdomane i klubben til å blomstra best mogleg, som flinke og karaktersterke spelarar og personar.

Kompetanse og handlekraft

Styreleiar Erlend Eidhammer seier klubben har behov for ein som Brenne, og at dei i sommar bestemte å gje Brenne meir ansvar og meir tillit.

– Han har for lengst vist at han duger, ikkje berre sportsleg, men i administrasjonen. Han har handlekraft, og då er det greit å gje han ei rolle der han både har meir ansvar og meir armslag.

– Som dagleg leiar kan han ta fleire avgjerder utan å gå innom oss i styret.

Sjef over sjef

Brenne er del av den sportslege leiinga av A-laget, men der er det Hassan El Fakiri som har siste ordet.

No har El Fakiri fått ein ny sjef utanfor banen.

– Vi sit faktisk å fleipar litt med det, og trugar kvarandre med kva sitt ris bak speglet, seier Endre og ler.

– No sit vi her og sjefar over kvarandre, seier Endre

Bur i Bergen

Den nye sjefen i Os Fotball bur framleis i Sandviken.

– Eg synest bilturen til Os går raskt, det er berre eit par telefonar så er du der.

– Kva skal til for at du flyttar til Os, ei dame og ein labrador?

– Tja, eg er ikkje spesielt glad i hundar, seier Endre.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.