NRK kuppa handballtreninga til G/J7 for å fortelja Brit Eirin Tungeland at ho er finalist til eldsjel-prisen under Idrettsgallaen 2020. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Brit er blant fem finalistar til årets eldsjel

NRK, idrettsforbundet, veteranar og unge spelarar overraska Brit Eirin Tungeland i Os Idrettspark i dag.

image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I november blei det kjent at Brit Eirin Tungeland (70) er Hordaland fylke sin kandidat til å vinna prisen «årets ildsjel» under Idrettsgallaen på Hamar 4. januar.

Ho var ein av 17 kandidatar blant over 500 nominerte. I dag blei det klart at ho er blant fem finalistar.

– Stem på Brit! ropte det store korpset med spelarar som i skjul hadde planlagt å slenga seg på NRK då dei delte ut finaleplassen i dag.

Brit har vore engasjert i idrettslaget i over 50 år, og var del av laget som rykte opp til eliteserien i 1979. Ho var midt i ei treningsøkt med jenter og gutar 7 år då følgjet kom marsjerande inn i hallen.

Frå 14. desember og fram til nyttårsaftan kjem telefonane i Os truleg til å gå seg varme på sms-ar til finalen.

– Ein komplett kandidat

Blant representantane som fekk med seg overrekkinga av finaleplassen var styreleiar i Hordaland idrettskrets, Helge Johnsen.

– Eg har vore styreleiar i seks år. I løpet av desse åra har vi hatt tre finalistar. Det er eit teikn på at vi er god på å skapa engasjement i kretsen.

– Eg kjenner ikkje Tungeland frå før, men etter å ha lese nominasjonen tenkjer eg at ho har alt! Brit er ein veldig komplett kandidat til denne prisen.

Mens NRK var opptatt av å få nokre ord med den rørte og glade eldsjela, tok Brit seg tid til å svara på ungane sine mange spørsmål om kva som var i konvolutten og kvifor NRK var på Os.

Første elev: Ordføraren

To andre lag som Brit er med og trener, gutar 9 og gutar 11, har saman med frivillige i Os Turnforening koordinert overraskinga med NRK og idrettsforbundet.

Dei møttest i Oshallen for planlegging av stuntet, saman med veteranar Brit har spelt med før. Blant dei frammøtte var ordførar i Bjørnafjorden kommune, Trine Lindborg (Ap).

Trine var ikkje berre der som ordførar, men som tidlegare elev og medspelar.

– Laget mitt var det første Brit trente. Eg hugsar enno då vi sto utanfor Fjellheim, eller på asfalten utanfor ungdomsskulen og venta, fortel Lindborg.

Ho var 10 år i 1975. Nokre år seinare fekk ho spela seniorhandball saman med Tungeland.

– Trine var del av eit veldig godt lag, og ein veldig fin jentegjeng. Eg hadde nett tatt trenarkurs med Tore Moberg, og denne greie jentegjengen gav meg ein god start. Eg fekk meirsmak på trenarrolla, seier Brit, som var 26 år då ho byrja som trenar parallelt med å spela.

Fleire saker