Kultur | 19. aug. 2014

Britisk nabolag gjorde hollandsk entré

96 år gamle Oosterschelde kom til Os måndag kveld.

Britisk nabolag gjorde hollandsk entré
Oosterschelde kom til Os måndag kveld. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 19. aug. 2014 09:50

Bildeserie:

Styrmann Frianko (t.v.) saman med gjestane Christine Louise og David. (Foto: KVB)
Styrmann Frianko (t.v.) saman med gjestane Christine Louise og David. (Foto: KVB)
Oosterschelde er knappe 50 meter lang. (Foto: KVB)
Oosterschelde er knappe 50 meter lang. (Foto: KVB)
Dei 17 britiske gjestane er med og hjelper til om bord. (Foto: KVB)
Dei 17 britiske gjestane er med og hjelper til om bord. (Foto: KVB)
Mannskap Eduardo (t.v.) tok seg ein dukkert i Vikjo, kaptein Maarten sto over. (Foto: KVB)
Mannskap Eduardo (t.v.) tok seg ein dukkert i Vikjo, kaptein Maarten sto over. (Foto: KVB)
Skuta kan ta imot 120 på dagstur, men berre 24 på chartra overnattingsturar. (Foto: KVB)
Skuta kan ta imot 120 på dagstur, men berre 24 på chartra overnattingsturar. (Foto: KVB)
Tid for frukost. (Foto: KVB)
Tid for frukost. (Foto: KVB)
Turen går vidare til London, Spania og Kapp Verde til vinteren. (Foto: KVB)
Turen går vidare til London, Spania og Kapp Verde til vinteren. (Foto: KVB)
1 av 7

Nederlanske Oosterschelde, ei av skutene som var i Bergen under The Tall Ships Races i juni, er tilbake i Hordaland, denne gong chartra av eit nabolag i ein landsby sør i England.

Sjå bildeserie og video frå då Statsraad Lehmkuhl var i Os i juni.

– Vi er 17 gjestar om bord, venar og kjente frå same landsby, fortel David Hampson-Ghani.

– Vi har hatt mykje stygt vêr, men det har vore ein flott tur. Først var på rundt Sørlandet, så var det nordover og inn Hardangerfjorden til Odda. I dag går turen vidare til Bergen.

Bestilte middag på Mobergsneset

Mellomlandinga i Os blei avgjort kort tid i forvegen og mannskapet om bord, som tel fem mann, søkte på nett for å finna ein plass å eta.

– Vi rota med å finna hamneinformasjon, men vi fann restauranten i Oseana og dei opna dørene for oss på kvelden i går.

– Vi hadde eit nydeleg måltid og såg eit stupebrett som enkelte blei freista av. I dag tidleg var det tre av oss som tok ein dukkert.

– Temperaturen var ikkje så verst, synest Eduardo Martin, ein av dei som jobbar om bord.

Hjelper til på dekk

Oosterschelde, som var ferdig bygd i 1918, er den einaste båten av sin type i Nederland. Skuta har blant anna hatt dansk eigar, men blei i 1988 kjøpt tilbake til Nederland og restaurert.

Lengde: 48,62 meter
Høgde: 31,09 meter
Rigg: Toppseil skonnert

Oosterschelde har plass til 120 gjestar på dagstur, men tar maksimalt med 24 overnattande gjestar på chartra turar.

– Fleire av oss som er med seglar mindre båtar på fritida og alle må vera med og hjelpa til, seier franske Christine-Louise Lasbareilles.

London – Middelhavet – Kapp Verde

I dag går turen frå Os til Bergen. Gjestane frå England skal fly heim mens skuta skal segla nokre turar til langs norskekysten før turen går til London for å segla på Themsen under ein festival.

– Seinare skal vi til Middelhavet, der vi er leigd inn som moderskip under ein regatta utanfor den spanske austkysten, fortel kaptein Maarten de Jong.

– Etterpå skal vi vidare til Kapp Verde, der vi har eit vinterprogram. Vi er ikkje heime i Nederland før i mars.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.