Sport | 16. juli 2018

Brørne Haug på toppen av Elbrus

5.642 moh: Sondre og Jan Erik Haug tok sommarferien på Europas tak.

Brørne Haug på toppen av Elbrus
Brørne Sondre (t.v.) og Jan Erik Haug på toppen av Elbrus (5642 moh) torsdag 12. juli. (Foto: Privat/Sondre Haug)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 16. juli 2018 08:51

Bildeserie:

Turfølgjet på 14 inkludert norsk guide. (Foto: Privat/Sondre Haug)
Turfølgjet på 14 inkludert norsk guide. (Foto: Privat/Sondre Haug)
Kaukasus blir skildra som den finaste fjellkjeda i verda etter Himalaya. (Foto: Sondre Haug)
Kaukasus blir skildra som den finaste fjellkjeda i verda etter Himalaya. (Foto: Sondre Haug)
Dette var Jan Erik (t.v.) og Sondre sin tredje tur med Jarle Trå. (Foto: Malene Roald)
Dette var Jan Erik (t.v.) og Sondre sin tredje tur med Jarle Trå. (Foto: Malene Roald)
Elbrus er ein utdøydd vulkan. (Foto: Sondre Haug)
Elbrus er ein utdøydd vulkan. (Foto: Sondre Haug)
Base camp 3500 moh. (Foto: Sondre Haug)
Base camp 3500 moh. (Foto: Sondre Haug)
Så var det nokre dagar med høgdetilvenning. (Foto: Sondre Haug)
Så var det nokre dagar med høgdetilvenning. (Foto: Sondre Haug)
Klare for toppstøtet. (Foto: Sondre Haug)
Klare for toppstøtet. (Foto: Sondre Haug)
Turen starta på natta, før snøen blei slush. (Foto: Sondre Haug)
Turen starta på natta, før snøen blei slush. (Foto: Sondre Haug)
Dei 8 første av 13 som kom seg opp denne morgonen. (Foto: Sondre Haug)
Dei 8 første av 13 som kom seg opp denne morgonen. (Foto: Sondre Haug)
1 av 9

Torsdag 12. juli nådde brørne Sondre og Jan Erik Haug frå Søfteland i Os den høgaste av dei tre toppane på Elbrus, Vest-Elbrus (5.642 moh).

– Dette er i utgangspunktet ein tur som alle som er litt vant med å gå i fjellet skal kunna klara. Men det var sterk vind med storm i kasta då vi hadde toppstøtet. Saman med det å vera i høgda gjorde dette til at eg aldri har vore så sliten etter ein fjelltur før, seier Jan Erik på telefon frå Moskva før gårsdagens VM-finale i fotball.

Elbrus ligg i Kaukasus-fjella og er det høgaste fjellet i Russland. Det er ulike konvensjonar om kvar grensa mellom Europa og Asia går, mange reknar Elbrus som europeisk, noko som gjer toppen til den høgaste i vår verdsdel (framfor Mont Blanc i Frankrike, 4.810 moh).

Fjellet ligg mellom Svartehavet og Det kaspiske hav, nær grensa mellom Russland og Georgia.

Jan Erik og Sondre var blant 13 av 14 i reisefølgjet som nådde toppen, inkludert den norske guiden. I tillegg var nokre lokale guidar med på toppturen.

Tredje tur med Jarle Trå

Sondre og Jan Erik bestilte tur organisert av den kjente fjellklatraren Jarle Trå frå Granvin. Det har dei gjort før.

– For seks år sidan var vi på Kilmanjaro (5.895 moh, det høgaste fjellet i Afrika), seinare gjekk vi Inka trail til Machu Picchu (Sør-Amerika).

– Vi liker godt å gå i fjellet i kvardagen her heime, og synest det er spennande å prøva seg i høgda, og å ha ein litt annan type ferie enn det du får i Syden, seier brørne.

12 dagar i Russland

Turen startar og sluttar i Moskva. Både før og etter fjellturen fekk reisefølgjet oppleva den russiske hovudstaden, som dei siste vekene har vore prega av vertskapsrolla for fotball-VM.

– Vi har ikkje billettar til finalen, dessverre, men har plan om å sjå om vi finn oss ein plass med storskjerm. Eg håper Kroatia vinn, og kroatar ser så langt ut til å vera i overtal ute i gatene her, ut frå kva supporterdrakter vi ser mest av, sa Jan Erik før finalen starta.

Frankrike vann som kjent 4-2, men Russland-turen handla for brørne Haug i hovudsak om fjellturen som nett var overstått. Etter det første døgnet i Moskva tok turgåarane fly til Mineralnye Vody og buss til Cheget, som ligg ved foten av Elbrus, midt i hjartet av Kaukasus-fjella.

Dag 3 byrja dei å gå, dag 4 til 7 er akklimatisering mellom 3500 og 4800 meter, dag 8 var kviledag og dag 9 var dei på toppen.

– Tøffare enn Kilmanjaro

Elbrus er ein utdødd vulkan og Kaukasus blir skildra som den vakraste fjellkjeda i verda etter Himalaya.

– Det var ein fantastisk fin tur, med mykje fin natur og utsikt over flott landskap!

Base camp var på rundt 3500 meter over havskorpa. Derfrå var det turar til både 4200 meter og 4800 meter før sjølve toppstøtet.

På jarletraa.no er det skrive dagbok med fleire bilde frå turen

– Du veit ikkje på førehand om du vil få problem med høgda og den tynne lufta. Typiske symptom er hovudpine og kvalme. Eg sleppte heldivis unna dette, mens Sondre fekk ein del hovudpine, han sleit på første akklimatiseringstur til 4800 meter, og då vi passerte 5000 meter. Heldigvis gav det seg med det same vi kom ned igjen under denne høgda.

– Turen var samla sett litt tøffare enn den vi hadde til Kilmanjaro.

Siste 1000 meter gjekk på snø, i eit parti 500 meter frå toppen måtte turfølgjet sikrast med tau og fram mot toppen gjekk alle med stegjern for å få godt grep. Sjølve toppstøtet starta om natta, for at snøen skulle vera hard, ikkje som slush, som er tungt å gå i.

– Dei siste 300 meterane kjempa eg verkeleg, men då var det òg sånn at vi såg toppen, så det var klart at vi måtte heilt opp. Kuling med storm i kasta, og rundt 17 minusgradar, gjorde siste del av turen litt tøff, og då var det ekstra deilig å nå toppen, seier brørne Sondre og Jan Erik Haug.

– Har de allereie byrja å tenkja på kva som blir neste fjelltur i utlandet?

– Ja. Å gå til Everest base camp hadde vore noko.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.