Lokal | 29. des. 2017

Brot på trafikkreglane blir dyrare

Frå måndag kostar det 5500 kroner å svinga til venstre ut Brugata.

Brot på trafikkreglane blir dyrare
Å svinga til venstre her kostar frå 1. januar 5500 kroner. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 29. des. 2017 11:41

Bildeserie:

Her er satsane som gjeld frå 1. januar 2018.
Her er satsane som gjeld frå 1. januar 2018.
1 av 1

Satsane for «forenkla førelegg - misferd pr 1/7-2014» aukar frå og med 1. januar 2018.

Frå måndag kan du får 10.650 kroner i fartsbot - utan å mista førarkortet. Satsen gjeld 36 til 40 km/t over fartsgrensa om fartsgrensa er 90 km/t eller høgare.

Dei andre satsane for brot på fartsgrensa er frå 800 kroner til 10.200 kroner, ei auke frå 750 og 9.950 kroner frå 2017.

• Køyrer du 6-10 km/t for fort der grensa er 60 km/t eller lågare så får du 2100 kroner i forelegg. Neste trinn er 3800 kroner og 5500 kroner.

• Køyrer du i 96 km/t i 70-sona får du forelegg på 8500 kroner og tre prikkar på førarkortet.

Også brot på andre trafikkreglar aukar.

Brot på svingforbod, køyring mot einvegskøyrd retning og køyring i kollektivfelt aukar frå 5350 til 5500 kroner.

Å ikkje bruka blinklys får ein sats på 2600 kroner, å sykla utan lykt kostar 1200 kroner.

Sjå alle satsane i dokumentet under hovudbildet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.