En brøytebil velta mens han rygga ned Sørstrøno i kveld. (Lesarbile, tips@midtsiden.no)

Brøytebil har velta i Sørstrøno

Svært glatte vegar fleire stadar i Os i kveld.

image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Midtsiden har i kveld fått fleire meldingar om glatte vegar, blant anna i Strøno.

I 19.30-tida køyrde ein brøytebil utfor Bontveitvegen, i 20-tida køyrde ein brøytebil utfor og velta i Sørstrøno.

– Eg såg at den rygga ned mot snuplassen, noko den av og til gjer for å strø til seg sjølv, fortel ein nabo i området.

• Skaper glatten trøbbel der du er? Send info og bilde til tips@midtsiden.no

Uskadd sjåfør

Rett før svingen lengre nede hamna den utfor og over på sida.

– Sjøføren er ute av bilen, og seier han er uskadd.

Brannvesenet har nyleg kome til staden og politiet er på veg.

Ifølgje 110-sentralen reiser sjåføren til lokal legevakt på sjekk.

OPPDATERT kl 21.50: Vegen er stengt frå husnummer 170 og sørover. 

Det er meldt -1 til +1 grad, altså nullføre gjennom natta og fram til måndag kveld. 

Frå tysdag er det meldt 7-8 gradar og regn.

Fleire saker