Samferdsle | 04. jan. 2025

Brøytebilsjåfør åtvarar foreldre

Ungar bygger snøhole i brøytekantar.

Brøytebilsjåfør åtvarar foreldre
Eit nabolag på Nore Neset laurdag morgon. Foto: Lyse Drift AS
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 04. jan. 2025 15:56

Mange er ute og nyter dei store snømengdene som har kome dei siste dagane, andre er på oppdrag for å rydda veg og fortau.

Nokre av snøryddarane fortel at dei fryktar å finna ungar inni brøytekantane.

– Våre folk er merksame på denne risikoen og gjer sitt beste for å unngå uhell, seier dagleg leiar i Lyse Drift, Jan Einar Strand.

– Men det er til hjelp om foreldre ber ungane halda seg vekke frå fortau og brøytekantar om dei vil bygga snøhole eller snøhytte.

Laurdag formiddag kunne ein av brøytebilsjåførane rapportera om ei slik snøhole.

– Vi ser dessverre tilsvarande snøholer kvar vinter.

Kan denne brøytast vekk eller er det ungar inni? Foto: Lyse Drift AS
Kan denne brøytast vekk eller er det ungar inni? Foto: Lyse Drift AS

Også tidlegare år har brøytebilsjåførar fortalt om denne risikoen:

– Vi forstår at det er freistande på ungar å bruka snø som bilane våre har skubba opp i ein haug, men det er farleg. Vi kjem på nye brøyterundar, åtvarar Strand.

– Snøen dempar mykje av lyden, og om det er ungar inni brøytekantane kan det gå alvorleg gale.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.