Lokal | 21. jan. 2013

Bru over Bjørnefjorden!!!

Lesarinnlegg, Finn Erik Moberg: Vil først takke Glenn Erik Haugland og andre eldsjeler for all engasjement og motstand til ny bru over Bjørnefjorden.

Bru over Bjørnefjorden!!!
Andris Hamremåndag 21. jan. 2013 08:53

Eg er tidligare storbrukar av det norske vegnettet, spesielt Bergen - Kristiansand og vise versa.

Laksen skulle hentast inn frå slakteri i alle krikar og krokar til terminal i Bergen. Hurtigrutene kom inn med mykje fisk som skulle videre til det Europeiske markedet. Opplasting skjedde vanligvis seint på dagen, då alle skulle ha alt med til sine kundar.

Då eg holdt på, først på 80-talet, var det eit must å komma med 1800-ferja på Halhjem for å kunne rekke over til Stavanger, og vidare til Kristiansand for å ta ferja over til Hirtshals neste morning, dette for å rekke omlasting og videretransport frå Padborg, som ligger på grensa til Tyskland.

Om du ikkje rakk dette, var det via Kvandal - Kinsarvik - Odda - Haukeli og ner Setesdalen, då var det om å gjera å holda Ole lukkøye på avstand.

Etter dette kom jo danskeferja direkte frå Bergen til Hirtshals og seinare Hanstholm, som var som ein liten revolusjon her Vest.

«Nye» Halhjemsveien, frå Moberg til Halhjem vart bygd først på 70-talet, og var som ein nyvinning, sett i lys av «gamleveien» over Søre Neset.
Da e jo nokre år sidan, og trafikken har auka dramatisk, Halhjemsveien er den samme. Der er 4 av- og påkøyrsler utan av og påkøyringsfelt, ganske kritikkverdig på denne veien. Spesielt mot ferja køyrast det til tider ganske hardt, og ulykker har skjedd.

Eg kan ikkje erindra å ha høyrt et pip frå politikarane i Os om å gjera nåke med dette.

No er jo farten satt ned til 70 km, og fotobokser er komt opp i Lepsøykrysset, men på motsatt side av krysset, altså bilar som kjem frå Bergen og har det travelt til ferja, køyrer ofte opp mot å «møssa» lappen grensa, ca. 90 forbi krysset, for så å bremsa ner rett før fotoboksen. Burde ikkje fotoboksen stått rett før krysset for å få opptimal effekt??,
eller er det eg som ikkje heilt har skjønt poenget…..

Nett som på Vallaheio, nordsio, vintersdagen, kem har ikkje stått i kø fordi det er større biler som står fast.
No hadde dei laga ei lita lomme som det gjekk an å kjøra forbi dei som sto midt i veien og skulle ner te Kirkebirkeland, men no er busslomma lagt om, så der er ingen passeringsmuligheter for større biler. Resultatet blir full stopp, og på glatten veit vi resultatet, bom fast.
Forstår ikkje kvifor dei ikkje fiksa siste biten opp mot toppen når dei holdt på, det er vel desse pengane som vi ikkje har.

Har politikarane i Os tatt nåke form for iniativ for å hindra at mange osingar med jobb i Bergen slepper å måtta stå i kø for å komma heim etter arbeidstid....

Veiane er jo fulle av innsnevringar og store rundkjøringer, rundingen i midten altså, sitter med ein følelse at den som tegner desse rundingane ikkje har peiling på kva typer kjøretøy som ruller på veiane våre. Sjølv har dei vel ein liten el-bil, og det går jo kjempeflott.

Når har desse planleggarane rådført seg med brukarane…

Før sto det skilt med SMALARE VEG, og når du hadde kjørt ei stund kom det eit nytt skilt med SMALARE VEG…..då måtte du ta opp kartet å lura på kor i h….du va….men som regel va du på rett veg, ein hovudveg i Norge.

No ser eg at det ut av Knappentunnelen mot Fyllingsdalen er to vanlige kjørefelt, MEN...i rundkjøringa er det ikkje plass til to store bilar, heller ikkje ein stor og ein liten bil er det plass til, så her burde det også stått eit skilt med SMALARE VEG, men kanskje det er for flaut og setta opp eit slikt skilt i den nyaste rundkjøringa i Bergen ??
Kem teikna denne rundkjøringa…?? Så også i Skjoldskiftet.

Det er denne påtenkte brua eg egentelig vil skriva om, så då blir spørsmålet, kan vi lite på desse politikarane i slike samferdsels spørsmål?
Når dei ikkje klarer å ordna opp i allerede synlege trafikale problemer?

Vi veit jo alle at Statens vegvesen er eit mektig organ med mykje makt, så det er nok ikkje alltid like lett for kommunale politikar å hanskast med.

Eg er svært skeptisk til at dei klarar å få til gode trafikale løysingar for folk flest, ny brei og flott vei, som endar i det gamle, då pengane ikkje strakk til, det ser vi døme på over alt i dette landet.

Dei snakkar om 15 minutter i innspart tid, tenk litt på det, kor lang tid er det egentlig.... som ein dråpe i havet meinar eg.

Gjer som svenskane, utan oljepengar. Som alle veit er det vesentlig forskjell i standaren på veiane i Norge og Sverige, mindre stress for sjåførane og lavere forbruk, altså vinn vinn.

Bygg breiare veiar over Fusa,og sett opp frartsgrensene, så har vi tatt igjen desse 15 minuttane, om dei betyr så allverden.

Ka med Fusa og øst vest forbindelse....kaste det i bosset pga. 15 minutter....Kva politikar vil stå inne for et slikt forslag, ingen framsynt politikar i alle fall.
No e da jo selvfølgelig flott å ha ei sværa bru på CV’en, men denne «Gullaksen» går lengre øst enn det som blir lagt fram i denne saka.

Vi i søre enden av Os er overhode ikkje interessert i denne gjennomgangstrafikken, ikkje tenar vi pengar på den heller.

Og om du trur dei på Stord bryr seg om oss som blir buande langs vegen, tar du feil, berre dei kjem nokre minuttar før te Bergen.

Og det er no også ei sanning at for Sunnhordalandsdistriktet er det jo Haugesund som seiler opp som deiras «by».

Undrar meg på denne tida altså, kor fort ska me eigentlig komma fram…

Er nok engstelig for at dette er i ferd med å bli ei prestisjesak, som me har sett fleira av i dette landet. Då får ingeniørar og politikarar og anna fagfolk skylappar på, me har so steikandes lyst te å bygga denna brua, NYVINNING, me kjeme på kartet for dei store.

Ta av dåke skylappane og kom ner på jorda igjen, lytt te folket.

Og eg som trudde at Statens vegvesen og politikarar var til for folket….

Finn Erik Moberg

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.