Bru til Reksteren på NRK i kveld
Vestlandsrevyen: Midtre alternativ ser ut til å bli stadig meir aktuelt.
2,5 time ferjefritt mellom Bergen og Stavanger, ferdig i 2020?
Bru frå Os til Reksteren skal vera både realiserbart, vera rimeleg lik i pris som indre alternativ om Fusa og minst like rask å bygga. I tillegg blir reisetida mellom Bergen og Stavanger 15 minutt kortare ved å velja kortaste veg, altså fjordkryssing.
I dag hadde NRK Vestlandsrevyen midtre alternativ som hovudoppslag.
– Det hastar veldig. Om vi samanliknar Oslo og Lillehammer med Bergen og Stavanger, byar med same avstand, så bruker vi dobbel så lang reisetid på Vestlandet, seier administrerende direktør i Bergen Næringsråd, Marit Wancke, til NRK Hordaland.
– Her har vi også næringene som Noreg satsar på, petroleum, fornybar energi, sjømat og shipping, for Noreg vil dette vera eit veldig lønsamt vegprosjekt.
Wancke fortel at næringsrådet ikkje er ferdig å vurdera rapportane, men med mindre indre alternativ er raskare å bygga trur ho Os-Reksteren og 15 minutt spart tid er kva dei vil gå for.
Les òg:
KS1: Det er best å kryssa fjorden
– Vi bør velja kortaste veg
Må brua landa i Øyane?