Lokal | 19. apr. 2013

Brugata opna i dag

Klokka 14 fredag gjekk Brugata frå einvegskjørt tilbake til tovegskjørt igjen - med éi endring i forhold til tidlegare.

Brugata opna i dag
Brugata opna igjen i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 19. apr. 2013 13:09

I midten av november 2011 blei Brugata einvegskjørt og skilta med innkjøring forbode frå Hatvikvegen.

Dette frigjorde fleire parkeringsplassar i Brugata, men blant anna næringslivet i sentrum sakna trafikk som kom direkte inn frå Hatvikvegen.

I april i fjor blei det beslutta å opna Brugata begge vegar igjen - og vips - eitt år seinare var det gjort.

Saka har lagt hos Vegkontoret, som endeleg godkjente opning, ny skilting og fjerning av midlertidig blokkering.

Les òg: Tilbake til start (saka i PBU i februar i år)

Litt før klokka 14 i dag blei blokkeringa fjerna. Nye skilt er allereie på plass, og dei fleste parkeringsplassane på begge sider av Brugata er halde på.

Men hugs: Det er no påbod om å svinga til høgre når du skal ut på Hatvikvegen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.