Bruker sommaren på leir
Ungdom frå Os er på CISV-leirar verda over denne sommaren. Sunniva Eriksen Storebø (19) bruker sommaren som ubetalt leiar for 11-åringar i Bergen.
Heilt frå byrjinga på 1950-talet har born og unge frå Os reist på CISV-leirar verda rundt. Dei yngste heilt nede i 11-årsalderen.
I år er det mellom anna osingar på leir i Guatemala, Tyskland, Frankrike og Italia.
Ei har funne vegen attende til CISV etter åtte års opphald. Sunniva Storebø er juniorleiar på HOPE-village ved Ytrebygda skule i Bergen.
- Eg var sjølv på village i India då eg var 11. Det var den beste opplevinga eg nokosinne har hatt.
Til Brasil sju år seinare
Sunniva har vore ein aktiv handballspelar i Os Turn sidan ho var på leir for åtte år sidan.
- Då eg gav meg med handballen for ei lita sund sida byrja eg å tenkje på CISV igjen. Var det noko der eg kunne vera med på?
Enden på visa blei at Sunniva reiste til Brasil på såkalla seminarleir i januar. Ein leir for 17-18 åringar kor dei sjølv styrar heile leiren.
- Det var ei sinnsjukt bra oppleving.
- Då eg kom heim til Noreg var eg så gira at eg spurte ho som er ansvarleg for seminarleirane om det ikkje var noko meir eg kunne gjera.
- Eigentleg var det ikkje det, men då Nina som er i leirkomiteen for leiren her ringde og spurte om eg ville vera juniorleiar var eg ikkje i tvil, fortel ei smilande Sunniva Eriksen Storebø.
Bursdag, vask og blogging
Som juniorleiar er Sunniva blant dei yngste i leirleiinga.
- Eg har kanskje ikkje så mykje ansvar som dei andre, men det er nok å henge fingrane i, fortel ho.
- Ja, kva oppgåver har du?
- Eg har ansvaret for å setja opp vaskegruppar, sørgje for at bursdagsfeiringar, alt teknisk utstyr og lullebies (samlingssund om kvelden). I tillegg skal eg bistå delegasjonane i samband med deira "national nights".
Med delegasjonar (fire ungar og ein leiar) frå Grønland, Noreg, Sverige, Italia, Thailand, Filippinene, Brasil, USA, Bulgaria, Polen, Romania og Austerrike sit det mange nysgjerrige og kanskje uroa føresatte rundt i heile verda.
- Ei av dei andre oppgåvene mine er å blogge frå leiren slik at foreldra kan sjå kva ungane deira gjer på i dei fire vekene dei er her i Bergen. Eg har inntrykk av at det er noko som blir satt pris på.
At foreldre og familiar over heile verda sett pris på rapportane frå Sunniva er det liten tvil om når ein les kommentarane på bloggen: "Sunniva, tks a lot ! We miss Deco so much, and today you make our day ! Big hug from Brazil !!!!!!!" er eitt døme.
Her finn du bloggen frå leiren.
Fantastiske ungar
Sunniva gjekk ut frå Bergen Katedralskule i vår. Erfaring med ungar var det dårleg med før ho blei leirleiar.
- Det er så utruleg kjekt å ha blitt kjend med dei og sjå korleis dei utviklar seg gjennom leiren. Dei er utruleg omsorgsfulle, fortel den unge leirleiaren.
Sunniva fortel dei gav ungane ei oppgåve dei kalla "Peace War Peace" kor dei blei delt opp i grupper og bygde landsbyar i papp og kartongar.
- Så fortalde vi ei gruppe at nokon hadde rasert landsbyen deira. Det å sjå reaksjonane var ei sterk oppleving. Nokre ville umiddelbart ta hemn, andre brast i gråt då det viste seg at landsbyen deira likevel ikkje var øydelagt. Debriefen vi hadde etterpå var ein tankevekkjar både for ungane og for oss vaksne.
- Kva gjev det deg sjølv å vera på leir?
- Utruleg mykje. I tillegg til venskap har eg lært mykje om 11-åringar.
- Dei har så mykje energi og er så fulle av kjærleik. Eg kunne ikkje fått ein betre sommar, avsluttar ei smilande Sunniva Eriksen Storebø.
Om du har lyst å helse på Sunniva og dei 48 11-åringane er leiren open for alle som ønskjer førstkommande sundag frå klokka 12. Då vil kvart av landa presentere seg og mellomanna servere godbitar frå heimlandet.
Dette er CISV:
CISV er ein religiøst og politisk uavhengig barne- og ungdomsorganisasjon som arbeider for fred ved å skapa større forståing mellom menneskje frå ulike kulturar og nasjonar.
CISV står for Children International Summer Village. Organisasjonen er etablert i over 60 land over heile verda.