Meldarar uroa seg for at båtar skulle bli skadd av drivgodset som låg i hamnebassenget torsdag morgon. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Brygga gjekk i oppløysing i natt

Kortreist rekve taua til land.

image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Det var meldt kraftig vind i Os natt til torsdag, og torsdag morgon låg det spor etter vindkasta på rek i hamnebassenget i Os.

– Vi fekk fleire meldingar om det store drivgodset på morgonen i dag, seier varabrannsjef Arne Monsen.

Brannvesenet, som har ansvar for drift av Os hamn, rykte ut med bil og gummibåt for å taua drivgodset til land før det gjorde skade på båtar.

Kortreis bryggefront

Rekveden blei taua til Oselvalaget sin slipp og tatt på land.

– Det viser seg å vera ein bryggefront frå gjestebrygga, ein front ut mot Steinneset som har ramla av i vindkasta i natt.

Brygga, som blei reparert for 700.000 kroner i 2014, fekk godt med juling i september i år.

– Bryggefronten blir liggande ved Oselvarnaustet til teknisk drift i morgon skal fjerna den, seier Monsen.

Meir kuling i vente

Det er meldt meir kuling i natt, over 14 m/s litt over midnatt.

Også fredag, frå morgon til kveld, skal vindstyrken ligga på rundt 10 m/s. Laurdag skal det løya til 7 og seinare 5 m/s.

Fleire saker