Bryggekos på Os

Med sola tok billettsalet seg opp. Om lag 800 koste seg med reker, musikk og godt lag på bryggedans ved Os Sjøfront.

Folk koste seg på brygga og ombord i Statsraad Lehmkuhl (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 20. juni 2015 22:29

Bildeserie:

Bryggedans 2015 (foto: Andris Hamre)
Bryggedans 2015 (foto: Andris Hamre)
Bryggedans 2015 (foto: Andris Hamre)
Bryggedans 2015 (foto: Andris Hamre)
Bryggedans 2015 (foto: Andris Hamre)
Bryggedans 2015 (foto: Andris Hamre)
Bryggedans 2015 (foto: Andris Hamre)
1 av 5
Bryggedans 2015 (foto: Andris Hamre)
Bryggedans 2015 (foto: Andris Hamre)
Bryggedans 2015 (foto: Andris Hamre)
Bryggedans 2015 (foto: Andris Hamre)
Bryggedans 2015 (foto: Andris Hamre)

Billettsalet til årets bryggedans og rekebord har gjekk tråare enn i fjor, men når sola kom og vêrmeldingane gav utsikt til ein fin dag tok det av.

– Vi la ut 100 ekstra i dag, så no er vi opp i 800, fortalde ordførar Terje Søviknes då festen var kome godt i gang laurdag kveld.

Til kai låg Statsraad Lehmkuhl og på brygga var det dekka til langbord. Ein litt sur trekk gjorde at mange trakk om bord i Statsraaden, noko som gjorde at ein ikkje fekk inntrykk av at det var så mange til stades.

Måtte ut å kjøpa meir reker

Med auka billettsal fekk arrangørane ei ekstra utfordring.

– Tidlegare i veka måtte vi setja eit tal, så Roald Mjelstad på Oseana visste kor mykje reker han måtte kjøpe inn. Då vi auka billett-talet i dag måtte Roald ein tur på bygda for å skaffa meir.

Då Midtsiden gjekk frå festen i 22-tida var det framleis godt med reker igjen.

Festen held fram utover kvelden med HM Johnsen med band og Haavard Skaatun på scenen før det heile blir avslutta med storstilt fyrverkeri rundt midnatt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.