Herrelaget i kamp mot BI tidlegare i år. (Ill. foto: KVB)

Bryter ikkje ut av Os Turn likevel

NIF hadde motsegn til fleire punkt i avtalen handballgruppa hadde skissert. 

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I februar, med 14 mot 3 stemmer, gjekk styret i handballgruppa i Os Turn inn for å bryta ut av Os Turnforening for å starta eigen handballklubb.

I mars sa årsmøtet i hovudlaget, med 2/3 av stemmene, ja til det same.

Det skjedde etter at ei intern prosjektgruppe, som over om lag eit år har utgreidd saka, konkluderte på denne måten:

«Fleridrettslaget fungerer ikke slik det er organisert i dag, både fotballgruppen og delvis også håndballgruppen, er for stor i forhold til de andre særidrettene. Dette skaper en stor skjevhet i gruppen og begrenser mulighetene til å utvikle både den enkelte særidrett og anlegget som helhet.

Men saka var ikkje avgjort, avtalen om å bryta ut måtte godkjennast sentralt.

– Kansellerer prosessen

I dag fortel styreformann i Os Turneforening, Hans Parnefält, at prosessen blir kansellert.

NIF har motsegn til fleire punkt i avtalen, derfor vel styret i handballgruppa å avslutta prosessen med utmelding.

Handballen held med andre ord fram som før - som del av ei gruppe i Os Turnforening.

Søkjer ny styrleiar for handballen

Styreleiar Rebecca Lerch-Dahl skal ha gått av, og Os Handball søkjer no etter ny styreleiar.

Leiar for dei andre gruppene, og med det styremedlem i hovudlaget, er Leiv Gunnar Heggland (fotball), Svein Hausberg (friidrett), June Morfjord (turn) og Lena Stigen (cheerleading).

Fleire saker