Næringsliv | 18. juli 2019

BT: Hotellmarknaden er tøffare, men Solstrand veks

– Vi driv ei litt annan verksemd enn dei reine overnattingshotella, seier Børrea.

Stien og kaien var ny i 2016. Her ein junikveld i år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 18. juli 2019 07:53

Bildeserie:

Rom 440 fekk i nanmnekonkurranse i 2017 namnet «Aurora».
Fjellhallen. (Foto: KVB)
Solstrand Hotel & Bad. (Arkivfoto: KVB)
Rom 440 fekk i nanmnekonkurranse i 2017 namnet «Aurora».
Fjellhallen. (Foto: KVB)
1 av 3
Fjellhallen. (Foto: KVB)
Solstrand Hotel & Bad. (Arkivfoto: KVB)
Rom 440 fekk i nanmnekonkurranse i 2017 namnet «Aurora».

Mengda hotellsenger i bergensregionen har på fem år auka frå 4.500 i 2014 til 7.600, skriv Bergens Tidende.

Likevel opplever Solstrand Hotel & Bad både vekst og auka lønsemd. Frå 2018 til 2019 vaks omsetnaden med 7,7 millionar kroner. Årsresultatet var p 8,9 millionar, noko som er 1,1 million betre enn året før.

– Vi driv ei litt anna verksemd enn dei reine overnattingshotella. Vår nisje er å vera ein lokal og global møtestad, anten gjestane skal feira ein dag eller halda ei strategisamling, seier Børrea Schau-Larsen til BT.

Teknikk og estetikk

Om tala seier ho at dei ikkje er så opptatt av volum, men å tena nok pengar til å halda eigedomen i topp estetisk og teknisk stand.

– Vi må ta høgde for at det vil koma kostbare restaureringsprosjekt. Sidan vi er eit frittståande hotell så kan vi ikkje kontakta ei kjedeleiing og be om for eksempel eit nytt tak, vi må ha pengane sjølv, seier ho til BT.

I 2016 sto den nye kaien ferdig.

• Les òg: Den «hemmelege arenaen» - Solstrand sin fjellhall

Konkurrentane og statlege selskap får skattemessige fordelar

Bergens Tidende fortel at årsmeldinga òg er innom korleis formueskatt er konkurransevridande på bekosting av norsk, privat næringsliv.

Fleire hotellkjedar har utanlandske eigarar, som ikkje betaler formueskatt. Statlege aktørar som Avinor og Bane NOR betaler heller ikkje denne skatten.

Før stortingsvalet i 2017 var Høyre sin finansfraksjon på besøk på Solstrand for å høyra korleis formueskaten slår ut for to ulike firma i Os.

• Haug og Schau-Larsen: – Eigar og eigar fru Blom, vi er snarare ein som tar på oss ansvaret. Og angsten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.