Budsjettet for 2019 - og neste økonomiperiode er no vedteke i kommunestyret. Terje Søviknes (Frp) leia den siste budsjetthandsaminga som Os kommune. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)

Budsjettet i boks - på demokratisk vis

Mest plankekøyring, men verbalforslaga gav tverrpolitisk semje då Os kommunestyre vedtok budsjettet for 2019 og neste økonomiperiode.

image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Osablod Grønvigh

I det første direktesendte kommunestyremøtet i Os - og den siste budsjetthandsaminginga som Os kommune, var det verbalforslaga som gav mest spenning. 

Før votering var det siste moglegheit for dei ulike partia til å selja inn sine idear. 

Siste budsjett som Os - fire framlegg

Marie L. Bruarøy (H) var først på talarstolen. Ho gjekk gjennom framlegget som Frp, Høgre og Venstre hadde lagt på bordet.

Trine Lindborg (Ap) var neste ut. Ho utdjupa partiet sitt budsjettframlegg, som òg inneheldt eit nytt verbalforslag om at det vert sikra brukarmedverknad frå Os Idrettspark gjennom heile prosjektet med utviding, bygging og ferdigstillelse av hallar og anlegg på Kuventræ.

Jakob Enerhaug (Krf) tok talarstolen som representant for budsjettframlegget partiet hadde samarbeidd med Senterpartiet om. I framlegget frå dei to partia er mykje tufta på rådmannen sitt framlegg, men begge partia er uroa over lånegjelda til kommunen, og stilte spørsmål om Os kommune er rigga for ei eventuell avslutting av SIO-prosjektet. 

Nils-Anders Nøttseter (MDG) var sistemann til å presentera eit alternativt budsjettframlegg. Han nytta tida til å kopla budsjett opp mot forbruk; 

– Kor tid går vi tom, spurde han ut i kommunestyresalen? Om vi held fram slik vi gjer i dag, vil vi i 2030 trenga to jordklodar for å få behov og forbruk til å hengja saman. 

Tverrpolitisk Samlingsliste (TvS) stilte ikkje med noko budsjettframlegg til debatten, men Torunn Øvredal ba likevel om taletid for å kommentara debatten. 

– Vi ser alle kommunen ganske så likt her i kommunestyret, og vi i TvS meiner rådmannen i utgangspunktet har laga eit godt budsjett. Vi vil uansett påpeika at det viktigaste fokuset framover må ligga på kommunereforma.

Tankevekkjande innlegg frå Hesjedal

Etter pause var det ny runde med innlegg frå dei ulike partia om bakgrunn og fokusområde i dei ulike framlegga. 

Eirik André Hesthamar (Frp) snakka skulane si sak, mens Ståle Skaathun (H) snakka om sjukefråveret i kommunen, næringspolitikk og framtida for Liv på Øyro-prosjektet.

Helge Steinum (Ap) tok talarstolen og hylla det han meinte var mange gode verbalforlag i budsjettframlegga;

– Eg er redd for at det kan verta teke ein del dårlege val her i kveld - sjå nøye på alle dei gode forslaga, oppmoda Steinum.

Så var det Gisle Hesjedal (Ap) sin tur. I eit kjensleladd innlegg tok han temaet barnefattigdom tett på dei folkevalde. 

– Vi har innbyggarar i Os som er fattige. Vi har barn i Os som ikkje får vera med på, eller får oppleva, ting som vi andre tek som naturleg. 

– Det er tre ting som er viktig når vi skal jobba med temaet barnefattigdom; førebyggja, få familien ut av fattigdomen og verdigheit for dei som opplever fattigdom. 

Etter dette var det fleire representantar i kommunestyret som takka Hesjedal for eit engasjerande innlegg. 

Espen Aspenes (Frp) sa mellom anna frå talarstolen at han ville stilla seg bak Ap sitt verbalforslag om å kartleggja barnefattigdom i Os kommune.

Samstundes stilte Aspenes spørsmål kring det han såg som Ap sine planar om å trekkja seg frå realiseringa av bølgjebrytarane og Liv på Øyro-prosjektet. 

Trine Lindborg (Ap) nytta taletida til å på nytt løfta diskusjonen om eit kjøkken på Luranetunet, og fekk raskt replikk frå Terje Søviknes (Frp);

– Eg er oppteken av god mat, men kor kjem dette talet 5,7 millionar til kjøkken frå? Er dette eit tal frå lufto? Kva slags kjøkken er det snakk om, er det nokre planar eller budsjett som synleggjer kva 5,7 millionar til kjøkken på Luranetunet vil betala for?

– Vi ønskjer å vera konkrete, var det korte svaret Søviknes fekk frå Lindborg.

Sjå andre del av budsjett-debatten her:

(Artikkelen held fram under videoen)

Budsjett mot budsjett først

Grunna alle verbalforslaga fekk ordførar Søviknes (Frp) kommunestyret med seg på å votera for dei ulike budsjettframlegga først. Deretter skulle kommunestyret ta stilling til dei ulike partia sine verbalforslag.

• Rådmannens opprinnelege framlegg fekk 2 stemmer frå TvS

• Krf og Sp sitt framlegg fekk 4 stemmer (2 Sp, 2 Krf)

• Ap sitt framlegg fekk 7 stemmer frå Ap.

• Frp, H og V sitt framlegg fekk då ikkje uventa 20 stemmer - og vart vedteke.

Ja til bier - nesten snøkanon denne gongen

27 verbalforslag låg så klare i papira til ordføraren. 

MDG fekk med seg kommunestyret på auka fokus på nyttevekster i kommunal beplantning for å hjelpa biene - mot seks stemmer frå Frp og ein Krf.

Dei fekk nesten med seg kommunestyret på ei ambulerande snøkanon til teknisk eining - med 15 stemmer for.

Mellom anna røysta varaordførar Marie L. Bruarøy og May Brit Haringstad, begge Høgre, for framlegget.

Fire gjennomslag for Ap

Ap hadde 10 verbalforslag til votering. 4 av desse fekk fleirtal. 

1. Sterkt fokus frå NAV på overgang frå stønad til arbeid fekk 26 røyster mot to Venstre og sju Frp.

2. Å kartleggja barnefattigdom vart samrøystes vedteke av kommunestyret.

3. Utgreiing av ny veg Søfteland - Endelausmarka var vedteke mot ei stemme Frp og to MDG.

4. Brukarmedverknad frå Os Idrettspark på Kuventræ vart samrøystes vedteke. 

Fire gjennom frå budsjettkameratane

Frp, H og V hadde fire verbalforslag på blokka - alle gjekk gjennom:

1. Ekstern gjennomgang av sjukefråveret i Os kommune fekk alle sine stemmer minus to MDG.

2. Ei kartleggjing/ brukarundersøkjing av næringslivet i Os vart samrøystes vedteke.

3. Rett yting i NAV-systemet vart på oppmoding frå Ap delt to to punkt. Første del om koomual stønad versus statleg stønad vart vedteke mot sju stemmer frå Ap og 2 stemmer MDG.

Del to som omhandla ei kartleggjing og analyse av auken sosialhjelpsutbetalingane sidan 2014 vart samrøystes vedteke.

4. Styrking av næringsavdelinga i kommunen og tettare samarbeid mellom NAV Sosial, næringsavdelinga og det lokale næringslivet vart som siste verbalforslag samrøystes vedteke. 

Fleire saker